Å kunne norsk er ein nøkkel til inkludering, seier innvandrarar i akademia.

Fakta

Å være utlending er ingen fordel

  • rapport om karriereløp og barrierar for innvandrarar i norsk akademia
  • bestilt av Komitéen for kjønnsbalanse og mangfald i forsking og laga av forskarar ved Arbeidsforskingsinstituttet og Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning
  • byggjer mellom anna på intervju med utvalde utanlandsfødde vitskapleg tilsette ved UiB, HiOA og SINTEF
  • konkluderer med at innvandrarar møter barrierar i form av m.a. manglande nettverk, manglande kulturelle referansar, usynleggjering av kompetanse og manglande norskkunnskapar

– Eg les og skriv og har møte på engelsk. Men norsk opnar mange dører som elles ville vere stengte, seier Fabio Bento.

Bento er postdoktor ved Institutt for atferdsvitskap ved Høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA). Han kom frå Brasil til Noreg som student for femten år sidan, og er blitt verande, først ved Universitetet i Oslo, så ved NTNU der han tok doktorgraden, og no ved HiOA.

– Norsk gjev tilgang til dei daglegdagse samtalane som er så viktige for å få eit nettverk og skape faglege samarbeid, seier han.

Den vanskelege lunsjen

Manglande nettverk og kulturelle referansar kan gjere det vanskeleg for innvandrarar å få innpass i norsk akademia, viser rapporten «Å være utlending er ingen fordel». Lunsjen er ein viktig arena for dei viktige, uformelle samtalane på arbeidsplassen. Men nordmenn legg ofte opp arbeidstida annleis enn utanlandske arbeidstakarar er vande med, og det kan vere vanskeleg å få til lunsj i lag. Og lunsjsamtalane kan verke ekskluderande for folk som ikkje er ein del av ut-på-tur-kulturen. Det stadfestar Naoe Tatara, postdoktor ved Institutt for informasjonsteknologi ved HiOA, og opphavleg frå Japan.

– Ofte er det vanskeleg for meg å snakke om mat og kultur, som er vanlege lunsjtema. Det er mykje lettare å snakke om fag og om ting eg er oppteken av, seier ho.

Ho sit i HMS-komiteen og har merka seg at det fysiske arbeidsmiljøet påverkar det sosiale.

– Eg var ei stund ved Universitetet i Oslo, og der hadde vi lunsjrom i kvar etasje, der ein alltid møtte nokon. Her er personalkantina på toppen av bygget, og dersom ein ikkje går dit i lag med nokon, kan det vere vanskeleg å berre sette seg ned hos nokon andre, kanskje spesielt dersom ein er innvandrar.

Usynleg kompetanse?

Ingen av dei to har opplevd rein diskriminering, og kjenner heller ingen som har det. I dag jobbar begge i eit internasjonalt miljø, side om side med folk frå mange ulike land.

– Men eg opplever at dei små kvardagsrelasjonane kan vere annleis enn dei er mellom nordmenn, sjølv om eg ikkje trur det er personleg meint og sikkert ofte er ubevisst. Eg tykkjer sjølv eg snakkar rimeleg godt norsk. Men ein av kollegaene i Trondheim snakka alltid engelsk med meg. Slikt gjev ei kjensle av å ikkje høyre til, seier Bento.

Han har også opplevd at det har teke lenger tid å få jobb enn for nordmenn i same situasjon.

– Det kan sjølvsagt ha vore tilfeldig, men eg kjenner mange tilsvarande historier, seier han.

Naoe Tatara har ikkje noko grunnlag for å seie at det er vanskelegare for innvandrarar å få anerkjenning for kompetansen sin enn for nordmenn.

– I mitt tilfelle er den faglege bakgrunnen min veldig spesialisert. Difor er det vanskeleg å be meg om å undervise bachelorstudentar, og å finne ei stilling som er heilt relevant for meg. Leiaren min foreslo at eg kunne bli programkoordinator for bachelorstudium, og det gjev meg sjansen til å bli betre kjend med universitetssystemet og skaffe meg litt breiare kompetanse.

Leiarar må ta ansvar

Tatara sit på eige kontor og deler etasje med folk som jobbar med heilt andre ting. Dermed skaffar koordinator-ansvaret henne mange samtalar som ho elles ikkje ville fått.

– Men eg trur personlegdom har mykje å seie. Eg har ein amerikansk kollega som ikkje snakkar norsk, men som er aktiv med å tilby hjelp i ulike samanhengar, ta kontakt med høgskuleavisa og alt slikt. Generelt tek kanskje menn meir initiativ, også når det gjeld akademiske ambisjonar. Det kan vere lettare for menn å flytte dit det er gode jobbar, til dømes. Er du kvinne og har barn, blir det vanskelegare.

Mangfald og inkludering krev fleksibilitet frå alle partar, meiner Fabio Bento. Leiarar som er medvitne om ansvaret sitt, er viktig.

– Eg var eit år i London, og der hadde eg ein leiar som var veldig flink til å lese situasjonar og gjere små ting for å inkludere alle. Folk med engelsk utdanning får god øving i retorikk og har lett for å ta over møte. Ho var flink til å spørje om meiningane til dei som ikkje snakka så mykje. Eg veit ikkje om mellomleiarane her har noko forum der dei kan utveksle erfaringar om slikt, men det kan kanskje vere nyttig.

Sjå også innlegg Tatiana Maximova-Mentzoni, ein av forskarane bak rapporten «Å være utlending er ingen fordel».

LES OGSÅ:

Innvandrarar forbigåtte i norsk akademia