Foreslår «månelandingar» for EU-forsking
LUKK

Foreslår «månelandingar» for EU-forsking

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 20. desember 2017 kl. 12:18

EUs neste rammeprogram for forsking legg opp til å ta tak i globale utfordringar gjennom store «månelandingsprosjekt». UiO er mellom dei som har spelt inn forslag.

Arbeidet med å utforme EUs niande rammeprogram for forsking (FP9) er godt i gang. Ei ekspertgruppe la fram sine råd for det nye rammeprogrammet sist sommar, der eitt av framlegga var at EU, for å maksimere det samfunnsmessige utbytet av investeringar i forsking og innovasjon, bør velje ut nokre såkalla «missions» innanfor rammene av FNs berekraftsmål. Gruppa meinte at slike «missions» burde vere enkle å kommunisere og vere eigna til å engasjere og fenge publikum, og dei burde mobilisere aktørar frå alle fagfelt og samfunnssektorar. Ekspertgruppa ba Europakommisjonen kome fram til konkrete «månelandingsprosjekt» i dialog med forskarar og andre samfunnsaktørar.

Foreslår fem prosjekt

Universitetet i Oslo (UiO) er einaste norske universitet i The Guild, ein organisasjon av 19 forskingsintensive europeiske universitet. The Guild lanserte nyleg sine innspel til det niande rammeprogrammet, der dei mellom anna foreslår fem konkrete «månelandingsprosjekt»:

  • Attreise vitskapens kulturelle autoritet
  • Etterlate berekraftige byar i berekraftige landskap til våre etterkomarar
  • Utslette dei digitale skilja i Europa
  • Individtilpassa medisinsk førebygging, presisjonsbehandling, og sunn aldring
  • Ta opp kampen mot antibiotikaresistens

Prosessen med å velje dei fem månelandingsprosjekta har gått fort, og UiO har vore sterkt involvert, skriv rektor Svein Stølen i ein epost til Forskerforum.

– I arbeidet ved UiO engasjerte rektoratet dekanar og andre sentrale fagpersonar. Vi tok mellom anna utgangspunkt i innspelet frå UiO til revisjon av regjeringa sin langtidsplan for forsking og høgare utdanning. Oslo har leia arbeidet med punktet om å utslette dei digitale skilja i Europa, og har også vore involvert i utviklinga av punktet om antibiotikaresistens, seier han.

Meir enn digitalisering

– Digitalisering av samfunnet er allereie eit prioritert område både i EU og i Noreg. Inneber utsletting av dei digitale skilja i Europa noko anna og meir enn det som allereie er på trappene?

– Ja, absolutt! Dette handlar om utdanning og det nødvendige i ei kursendring som motverkar den samfunnsutviklinga vi ser i dag. Kunnskap må fordelast jamnare i heile samfunnet. Problemstillingar knytt til sosial klasse, som igjen ofte er knytt til etnisitet, er påtakelege, seier Stølen.

– Vi er heldige som lever i eit land der forståing av kunnskap er høg og der kunnskapsinformerte avgjerder er regelen heller enn unnataket i politikkutforminga. Men boka Oslo – ulikhetenes by viser likevel at vi også har ein veg å gå. Vi må unngå eit digitalt skilje, og då handlar det om utdanning som grunnlaget for eit godt og trygt samfunn og utvikling av demokratiet.

Eitt av forslaga, å attreise vitskapens kulturelle autoritet, speglar debatten som har pågått både i Noreg og resten av verda dei siste par åra, om kunnskapens status i «postfaktasamfunnet». The Guild skriv i si grunngjeving at vitskapens status i samfunnet er truga både av særinteresser som nyttar forskingsresultat til eigne føremål, og av ulike utfordringar ved sjølve forskings- og innovasjonsprosessane. Dette er ikkje noko einskilde land kan motverke åleine, og EU har eit godt utgangspunkt for å ta tak i eit slikt prosjekt.

Budsjettet blir viktig

Ser UiO allereie no for seg korleis ein vil arbeide med dei fem utfordringane – uavhengig av om dei blir ein del av FP9 eller ikkje?

– Akkurat no er vi mest opptekne av å vere med å definere dei komande «moonshot-missions» i FP9. Det vil vere store budsjett knytt til dei prosjekta som blir valde til slutt, og det vil ha mykje å seie for kva ein kan oppnå. Uansett har UiO mykje aktivitet relatert til alle desse forslaga. Gjennom prosessen har vi også identifisert område der det vil vere mogleg å ta initiativ på tvers av dei 19 store universiteta i The Guild, seier Stølen.

Også andre aktørar har byrja spele inn forslag til «månelandingsprosjekt». European Federation of Academies of Sciences and Humanities (ALLEA) tek også opp tillit til kunnskap i sine framlegg:

  • Leve saman: Bygge berekraftige, opne og demokratiske samfunn for framtida
  • Halde følgje med innovasjonen: Vere førebudd på sosiale konsekvensar og moglegheiter
  • Oppvekst og aldring i Europa: Eit godt liv og ein verdig død
  • Sanning, tillit og ekspertise: Etablere og sikre tillit som eit grunnlag for berekraftig og legitim styring

Bulgaria tek over formannskapet i Det europeiske råd frå januar 2018, og har annonsert at utforminga av FP9 – herunder spørsmålet om budsjettet for rammeprogrammet – vil ha høgste prioritet under deira formannskapsperiode.