Gjennomslag for forskingsseksjon i Arkivverket
LUKK

Gjennomslag for forskingsseksjon i Arkivverket

Av Johanne Landsverk

Publisert 8. august 2016 kl. 12:57

Organisasjonane er blitt einige med Riksarkivaren om ny organisasjonsstruktur.

 

– No har vi oppnådd det viktigaste, vi har fått ein tydeleg etat med tydelege styringsliner, seier riksarkivar Inga Bolstad.(Foto: Erik Norrud)

– No har vi oppnådd det viktigaste, vi har fått ein tydeleg etat med tydelege styringsliner, seier riksarkivar Inga Bolstad. Foto: Erik Norrud

Etter nye forhandlingar vart organisasjonane 1. juli einige om ei ny organisering av Arkivverket, som i dag består av Riksarkivet, åtte statsarkiv, Samisk arkiv og Norsk helsearkiv.

– Vi stilte nokre krav som vi har fått rimeleg godt gjennomslag for. Det eine kravet var ein eigen forskingsseksjon, og det andre kravet galdt statsarkivarane. I avtalen blir det presisert at statsarkivarane skal få tilgang til økonomiske midlar og personalressursar som samsvarar med den rolla dei skal fylle, seier Espen Andersen, som er lokallagsleiar i Forskerforbundet i Arkivverket. Han seier organisasjonane denne gongen var betre involverte i prosessen enn tidlegare.

Statsarkivar i ny rolle

For det har storma rundt Arkivverket det siste året etter at Riksarkivaren i fjor haust la fram forslag til ny organisasjonsstruktur. Framlegget om at dei åtte statsarkiva i Arkivverket ikkje lenger skal vere sjølvstendige einingar, førte til sterke reaksjonar. Fagforeiningane ville ikkje gå med på ein modell med fjernleiing, utan at det er ein fast leiar eller statsarkivar på staden, noko som førte brott i forhandlingane.

Etter den nye modellen skal statsarkivarane behalde tittelen sin, men dei får ei anna rolle enn tidlegare.

– Statsarkivarane vil ikkje lenger få leiar- og personalansvar på staden, og dei tilsette vil oppleve ei utstrekt grad av fjernleiing. Men statsarkivarane skal ha ein koordinerande funksjon lokalt og eit regionalt ansvar for samarbeid med andre institusjonar. Statsarkivaren kan også få tildelt nasjonale ansvarsområde, seier Andersen.

Glad for forskingsseksjon

Ei anna sak som Forskerforbundet ved Arkivverket har vore oppteken av, er kva plass forskinga vil få i den nye organisasjonen. Lars Christian Jenssen er sekretær i forskingsutvalet i Arkivverket og har i over ti år kjempa for ei betre organisering av forskinga. Han seier forskinga i Arkivverket har vore svært fragmentert, utan ei form for koordinering.

– Eg er difor svært glad for at Arkivverket endeleg skal få ein eigen seksjon for forsking, som vil få ansvar for både den historieretta og den arkivretta forskinga, uttaler Jenssen.

Han seier det er uklart i kva grad seksjonen berre skal vere ei koordinerande eining som skal administrere forskinga i Arkivverket.

– Det blir spennande å sjå kva leiinga tenkjer om dette: kor mykje av forskinga skal skje sentralt i den nye seksjonen, og kor mykje forsking skal gå føre seg ute i etaten? Det er meininga at tilsette skal kunne fortsetje å forske på sin eigen arbeidsplass.

– Ein tydeleg etat

Riksarkivar Inga Bolstad skriv på heimesida til Arkivverket at det har vore ein konstruktiv og god prosess, både før og etter forhandlingane.

– No har vi oppnådd det viktigaste, vi har fått ein tydeleg etat med tydelege styringsliner, uttaler Bolstad.

Iverksetjinga av den nye organisasjonsstrukturen vil tidlegast tre i kraft 1. november 2016.