For å unngå at politikarar plukkar forskingsresultat som støttar eigen ideologi, bør regjeringa ha eit vitskapsråd, meiner Vitskapsakademiet.

Fakta

Vitskapsråd

  • ein instans som skal sikre at politikk blir utvikla på grunnlag av den beste tilgjengelege kunnskapen, både om kva som er sikkert, og kva som er usikkert
  • finst i ei rekkje land, men organiseringa varierer
  • vart etablert i EU i 2015 i form av ei «high level group» som tingar utgreiingar frå mellom andre europeiske vitskapsakademi
  • kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har vore pådrivar for at Høgre har programfesta vitskapsråd
  • er til politisk vurdering i Noreg, utan at det er klart om det vil bli etablert, eller kva form det i så fall skal ha

Nyleg kunne ein lese i Morgenbladet at regjeringa i desse dagar utlyser endå ei genetisk utgreiing av den norske ulvestamma, for å finne ut om ulvane eigentleg har rett til å vere her i landet. Utlysinga kjem fordi det i den politiske debatten har oppstått tvil om den etablerte ulveforskinga er tilstrekkeleg uavhengig til å danne grunnlag for ulvepolitikken. Sjølv om forskinga tilsynelatande slår fast at ulven i Noreg har krav på vern, meinte Stortinget at det var behov for ei meir uavhengig oppsummering av forskinga.

Kunne eit vitskapsråd, ved å tilby eit overordna perspektiv frigjort frå særinteresser, ha gjort saka enklare?

Forankring hos statsministeren

– Departementa har ulike ordningar for å hente inn kunnskap når politikken skal utformast, og vi har jo sett tilløp til konfliktar mellom statsrådar og forskarar om kunnskapsgrunnlag for politikk, seier preses i Det Norske Videnskaps-Akademi, Ole M. Sejersted.

Han siktar mellom anna til ein episode i fjor der fiskeriminister Per Sandberg kom med kommentarar som kunne tolkast slik at han ønskte at forvaltingsinstitutta skulle levere forskingsresultat som støtta opp om vedteken politikk.

– Vi ser eit behov for ein sentral mekanisme som gjev råd basert på eksisterande kunnskap, og som bør vere forankra i Statsministerens kontor, seier Sejersted.

Vitskapsakademiet har lenge arbeidd for å få ein slik overordna rådgjevingsmekanisme på plass i Noreg. For eit års tid sidan gjorde kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen det klart at han var open for ideen, og han har også fått det inn i Høgres partiprogram. Men enn så lenge er forslaget langt unna realisering, og det er heller ikkje klart korleis ein slik rådgjevingsmekanisme bør sjå ut.

Daglege innspel

– Eg har aldri forstått kvifor norske styresmakter ikkje har ein vitskapleg rådgjevingsmekanisme, sa leiar i The International Network for Government Science Advice (INGSA), Sir Peter Gluckman, då han snakka med Forskerforum på ein EU-konferanse om kunnskapsbasert politikk i Brussel i september.

Gluckman er også vitskapleg rådgjevar for statsministeren i New Zealand, og heldt innlegg på konferansen om korleis slik rådgjeving bør gå føre seg. Eit vitskapsråd kan gjerne vere sett saman av fleire aktørar, men minst ein av dei bør sitje på innsida av det politiske systemet og kunne kome med innspel til den daglege politiske prosessen, meinte han.

Les også: Politikere må benytte forskning aktivt, etterrettelig og balansert

– Forskarar flest kjem i kontakt med den politiske prosessen gjennom å delta i komitear, høyringar og formelle prosessar. Då er politikken ofte i stor grad allereie utforma, og det er relativt lite forskarane kan endre på, sa han.

Europeisk nettverk av rådgjevarar

Det er viktig å skilje mellom forskingspolitikk, altså den politiske styringa av forskingssektoren, og forsking som grunnlag for politikkutvikling, meiner Ole Sejersted. Vitenrådet, som er nemninga han føretrekkjer, skal ikkje vere involvert i forskingspolitikk, men bistå i politikkutvikling på andre område ved å gje råd om kva forskinga kan fortelje, og kva vi manglar kunnskap om.

– Politikarar må ta mange andre omsyn enn kva forskinga seier, men ein må kunne vere viss på at ein har den kunnskapen som er sikker, og at ein veit kva som er usikkert. Det er utgangspunktet vårt, seier Sejersted.

Vitskapsakademiet har engasjert seg i spørsmålet om kunnskapsbasert politikkutvikling saman med eit internasjonalt nettverk av europeiske vitskapsakademi. I statsbudsjettet som nyleg vart lagt fram, fekk Vitskapsakademiet midlar til å tilsetje ein person som skal arbeide i Brussel under paraplyen til European Academies’ Science Advisory Council (EASAC). Det er ei samanslutning av europeiske vitskapsakademi, som samarbeider om å gje uavhengige analysar av kva forskinga seier om spesifikke politiske spørsmål, til styresmakter i Europa. Sejersted vonar denne stillinga kan vere eit første steg på vegen til å etablere eit vitenråd i Noreg.

– Må vere uavhengig

– Det aller viktigaste er at eit vitenråd må vere uavhengig. Mange av kunnskapsleverandørane til departementa er opptekne av å få pengar til eiga forsking. Eit vitenråd må vere uavhengig av løyvingar til forskarar, og uavhengig av politikarar. Det er utfordrande, for slike bindingar kan vere vanskelege å avsløre, seier han.

Vitskapsakademiet føreslår ei ordning som liknar på den EU-kommisjonen fekk i 2015. Ordninga består av ei «høgnivågruppe» på sju forskarar, som har sekretariatsstøtte, og som samarbeider tett med eit konsortium av vitskapsakademi-nettverk. EASAC er eitt av dei. Nettverka lagar rapportar som oppsummerer kunnskapen innanfor eit visst felt, og høgnivågruppa legg desse rapportane til grunn for råda dei gjev til Kommisjonen.

– Vi meiner Noreg burde ha ei slik høgnivågruppe, med medlemmar som til saman dekkjer dei ulike forskingssektorane. Det kunne kompensere for mangelen på overordna koordinering som ligg i dagens sektorprinsipp, seier Sejersted.

Samspel med Forskingsrådet

Administrerande direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen, trur ein rådgjevingsmekanisme kan vere ein god idé, men at behovet ikkje kan dekkjast med éi gruppe.

– Å syntetisere kunnskap frå forsking, slik at forsking kan vere med på å informere politikken, er ei kompleks oppgåve, og min tanke er at dette er noko ein bør ha innanfor kvar sektor. Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta og Vitskapskomiteen for mattryggleik, som begge no er innlemma i Folkehelseinstituttet, er døme på slike organ som har fungert godt. Ein treng fagspesifikk kompetanse for å kunne levere konkret i politiske prosessar. Kanskje er det likevel behov for ein mekanisme forankra på regjeringsnivå som tek stilling i tverrsektorielle spørsmål der ulike departement har ulike perspektiv, men det bør vere organisert på eit meir overordna nivå, kanskje som ein NOU-prosess og ikkje som eit ståande råd av gamle menn som skal vere ekspertar på sine fagområde. Det er gammaldags tenking, seier Røttingen.

Eit overordna organ bør vere med på å setje normer, standardar og forventingar til korleis departementa brukar forskingsresultat, og følgje med på om normene blir etterlevde, meiner han. Røttingen trur også at ein rådgjevingsmekanisme kan fungere godt i samspel med Forskingsrådet, som allereie har som ei viktig oppgåve å gje råd om forskingspolitikk.

– Ofte vil kunnskapsgrunnlaget som ein slik mekanisme produserer, føre til at ein identifiserer behov for ny forsking. Det vil vi kunne utnytte til å gje betre forskingspolitiske råd, så slik sett kan ein sjå for seg ei god arbeidsdeling. Våre råd om forskingspolitikk har jo også, som andre politikkområde, potensial til å bli endå meir kunnskapsbaserte, seier han.

Avheng av tillit

For at eit vitskapsråd skal fungere, må det, i tillegg til å vere fritt for bindingar, vere tillitsbasert, meiner Ole Sejersted i Vitskapsakademiet.

– Eit slikt system vil vere avhengig av at det er tillit mellom partane. Det er ein kunst å få til, men eg har tru på at ei gruppe er betre eigna til det enn éin einskild vitskapsrådgjevar. Det finst ikkje så mange Peter Gluckman-ar i verda, seier han.

Medan dei ventar på ein nasjonal rådgjevingsmekansime, vil akademiet mellom anna arbeide for å spele inn kunnskapsoppsummeringane som blir laga av dei europeiske akademinettverka, til norske beslutningstakarar.

– Fleire av desse rapportane har god deltaking frå norske forskarar, og uavhengig av korleis det går med planane om eit vitskapsråd, kan vi bli flinkare til å ta desse oppsummeringane i praktisk bruk i Noreg, seier han.

LES OGSÅ:

– Noreg bør ha eit vitskapsråd