Noreg og Sverige utpeikar seg som føregangsland når det gjeld å satse på universiteta, viser ny rapport.

11 europeiske land har auka dei offentlege løyvingane til universiteta sidan 2008, men i sju av dei har studentmassen auka meir enn løyvingane, slik at universiteta får problem med å gje gode nok tilbod til studentane. Det gjeld Austerrike, flamsk Belgia, Danmark, Frankrike, Tyskland, Nederland og Tyrkia.

Noreg og Sverige utmerkar seg ved at løyvingane har auka meir enn talet på studentar, heiter det i rapporten.

Det er European University Association (EUA) som har kartlagt trendane i offentleg universitetsfinansiering. EUA har følgt utviklinga sidan 2008 for å sjå på korleis finanskrisa ville påverke høgare utdanning og forsking i dei europeiske landa. Det er publisert fleire rapportar undervegs, no sist i samband med konferansen EUA Funding Forum tidleg i oktober.

Rapporten slår også fast at 13 land hadde nedgang i finansieringa. Samstundes aukar skilnadane mellom land. I sju land (Kroatia, Hellas, Island, Irland, Spania, Serbia og Storbritannia) går løyvingane ned medan studenttalet veks. I Tsjekkia, Ungarn, Italia, Latvia, Litauen og Slovakia går studenttalet ned, men løyvingane minkar enno raskare.

Ber forskarane søke EU

Det er særleg investeringar i infrastruktur som lir under budsjettkutt, heiter det i rapporten. Forsking har førebels vore skjerma, men i dei fleste landa opplever forskarar å miste jobben, eller at tilsette som går av ikkje blir erstatta. Fleire land dyttar også kostnadar over på studentane, spesielt studentar som kjem utanfrå Europa.

Rapporten viser også at mange land som kuttar i budsjetta, forventar at universiteta tek igjen det tapte ved å søke pengar frå EU. Men også denne finansieringskjelda er blitt meir usikker. I mange land blir universiteta bedne om å effektivisere, og innføring av prestasjonsbaserte indikatorar styrer universiteta i stadig større grad i retning av konkurranseutsette finansieringsordningar. Då rapporten vart debattert på konferansen, peika innleiarane på at det er viktig at ein får oversikt over kostnadane knytt til å søke midlar frå EU. EUA sjølv estimerer at ressursane som så langt har gått med til å utarbeide søknadar til Horisont 2020, kan tilsvare 30-50 prosent av dei totale midlane som skal fordelast.

Ifølgje kartleggingsverktøyet har løyvingane i Noreg hatt ein nominell auke på 33 prosent frå 2010 til 2016. Berre Island, Luxemburg og Tyrkia har auka løyvingane meir. Samstundes peikar rapporten på at «den nordiske modellen» ikkje lenger er nokon garanti for sterk satsing på universiteta. Finland har redusert løyvingane sidan 2014, og Danmark har varsla kutt både i forsking og utdanning. Noreg kjem godt ut, men EUA merkar seg at veksten i 2016 kjem av at regjeringa har brukt pengar frå oljefondet for å dekke budsjettunderskot og stimulere økonomien.

Då statsbudsjettet vart lagt fram førre veke, låg det an til ein nominell vekst på 1,9 milliardar kroner til forsking. Budsjettforslaget vart motteke med beherska velvilje frå dei største aktørane i sektoren.