– For få studieplassar
LUKK

– For få studieplassar

Av Johanne Landsverk

Publisert 9. april 2018 kl. 16:30

Fristen for å søke høgare utdanning er like om hjørnet. I nokre fag er det både mange søkjarar og mangel på ferdigutdanna, men få studieplassar.

– Eg jobba veldig hardt i fire år før eg kom inn på profesjonsstudiet i psykologi. Det har vore ein lang prosess med å ta opp igjen fag frå vidaregåande. Karaktersnittet gjekk opp frå 3,4 til 6,5 før eg greidde å kome inn, seier Raymond B. Stangenes. Han begynte på profesjonsstudiet i psykologi ved Universitetet i Oslo (UiO) i 2015.

Forskerforum skreiv i nr. 3/18 om behovet for arbeidskraft Noreg i framtida og kven som skal bestemme dimensjoneringa av høgare utdanning her i landet.

Professor Steinar Holden ved UiO er leiar for det såkalla kompetanserådutvalet, som er sett ned av regjeringa. Han meiner institusjonane burde kunne jobbe meir for å auke tilgangen på utdanningar der det er mangel på arbeidskraft.

– Det er for eksempel eit paradoks at det skal vere så vanskeleg å kome inn på eit fag som psykologi, når det samtidig praktisk talt ikkje er arbeidsløyse blant psykologar, seier han.

Stangenes er einig.

– Problemet er at det i dag er for få studieplassar på psykologi med tanke på behovet i samfunnet. Ein kan også stille spørsmål om det samfunnsøkonomiske ved at nokon av oss har brukt fire år av livet for å kome inn på eit studium.

– Eg angrar ikkje. Men det var ein tøff prosess før eg kom inn på studiet, seier Raymond B. Stangenes. Foto: Johanne Landsverk

Finansiert av staten

Leiar Pål Kraft ved Psykologisk institutt ved UiO seier at instituttet leverer dei psykologane styresmaktene bestiller.

– Studieplassar ved profesjonsfaget i psykologi blir oppretta over statsbudsjettet. Så det er ikkje vårt ansvar å opprette fleire. Oppdraget vårt er å levere psykologar ut frå kor mange studieplassar vi får finansiert, seier Kraft.

Innan ein del helsefag er det nemleg staten, og ikkje institusjonane, som dimensjonerer studietilboda.

– Talet på studieplassar ved profesjonsstudiet ved UiO har auka gjennom fleire år, og særleg dei siste ti åra, fortel Kraft.

– Hadde du hatt plass til fleire studentar?

– Ikkje akkurat no. Men om vi hadde fått beskjed og det hadde følgd pengar med, hadde vi rydda plass til det.

Også ved UiT – Norges arktiske universitet (UiT) har talet på studentar til profesjonsstudiet i psykologi auka dei siste åra.

– Vi har meir enn dobla studieopptaket på profesjonsstudiet sidan 2009. Dette er eit kostbart studium, og vi er avhengige av at studieplassane stort sett er fullfinansierte frå Kunnskapsdepartementet (KD), seier Ingunn Skre, leiar for Institutt for psykologi ved UiT.

Ho fortel at studentane blant anna har praksis med rettleiing, og dette er ressurskrevjande.

Søkjer seg til utlandet

Fakta
<
Fordi det er så vanskeleg å kome inn på studiet i Noreg, søkjer mange psykologiutdanning i andre land. For å få autorisasjon som psykolog i Noreg, må dei søkje Helsedirektoratet om godkjenning. Mange har dei seinaste åra teke masterutdanning i psykologi ved ELTE-universitetet i Budapest, men frå 2016 vedtok Helsedirektoratet at utdanninga herifrå ikkje var jamgod med norsk utdanning og ikkje gav tilstrekkeleg grunnlag for lisens. Studentane det gjeld, har vore fortvila, og saka har også vore oppe i Stortinget.

I slutten av februar kom meldinga frå helseminister Bent Høie om at studentar som starta på masterutdanninga ved ELTE-universitetet før helsedirektoratet endra godkjenningspraksisen, skal få tilbod om eit eige opplegg som kan føre til norsk autorisasjon som psykolog.

– UiT er eitt av fire universitet som har fått i oppdrag å sjå på dette, og vi er akkurat no i dialog med Helsedirektoratet om korleis det skal løysast. Samtidig er universiteta einige om at KD på lengre sikt bør tildele fleire studieplassar ved profesjonsstudiet i psykologi, seier Skre.

Ho hevdar at psykologar i det norske helsevesenet har eit større ansvar enn psykologar i dei fleste andre europeiske land.

– Difor er det svært viktig at brorparten av psykologane i Noreg har norsk utdanning, meiner ho.

– Eg angrar ikkje

UiO-student Stangenes kjenner mange psykologistudentar som har teke utdanninga i utlandet.

– Dei strever med å få utdanninga godkjend. Det verkar veldig rart at Noreg skal skilje seg så ut i forhold til andre land, meiner han.

Snart fyller han tretti, men Stangenes har enno tre år att av profesjonsutdanninga.

– Eg angrar ikkje. Men det har vore ein tøff prosess, så eg veit ikkje om eg hadde gjort det same på nytt.

  • Les mer: