Giftprotokollar avslører syfilis på Sørlandet
LUKK

Feltrapport:

Giftprotokollar avslører syfilis på Sørlandet

Av Johanne Landsverk

Publisert 28. juni 2023

Salet av gift eksploderte på 1800-talet. Men kvifor selde apoteket i Lillesand store mengder kvikksølvsalve?

Fakta
Forskar: Anne Mette Seines, stipendiat ved Institutt for religion, filosofi og historie, Universitetet i Agder

Prosjekt: giftprotokollar og giftpraksis i Skandinavia i tidsrommet 1800–1970

Metode: kvantitativ analyse av giftprotokollar

Uunnverleg verktøy: skylagring av data, Excel-ark
Mellom permane gøymer det seg forteljingar, noterte ned med snirklete handskrift: namnet på dei som kjøpte gift, kor mykje dei kjøpte, og kva dei skulle bruke det giftige stoffet til.

– Apoteka sine giftprotokollar er svært rike kjelder til å forstå kva som gjekk føre seg i lokalsamfunnet, og korleis folk forheldt seg til ulike former for gift i tidlegare tider, seier Anne Mette Seines, stipendiat i historie ved Universitetet i Agder. I fleire år har ho studert og analysert giftprotokollar frå ulike skandinaviske apotek, der salet av giftige stoff til privat forbruk vart registrert.

I dag har Seines teke turen til Ibsen-museet i Grimstad, til apoteket der lærlingen Henrik Ibsen stod bak disken som 19-åring. Apotekhyllene er fulle av gamle boksar med etikettar. Men ingen giftflasker er å sjå, dei er forsvarleg låst inne.

– Eg hadde håpa å finne den gamle giftprotokollen her, men han er visst ikkje å finne. Det hadde vore interessant å sjå om apoteket her selde kvikksølvsalve, slik som apoteket i nabobyen Lillesand, seier ho.

Apoteka loggførte alt sal av gift til private. – Desse giftprotokollane er ei gullgruve, seier Anne Mette Seines. Her i Ibsens gamle apotek i Grimstad. Foto: Johanne Landsverk

Store mengder kvikksølvsalve

For allereie i 2016 gjorde Seines eit oppsiktsvekkande funn då ho gjekk gjennom giftprotokollen til det første apoteket i Lillesand, som i åra 1867–1880 vart drive av apotekar Gustav Gottwald.

– I ei årrekke selde apoteket alarmerande mykje mercurialsalve, eller såkalla gråsalve, som var eit mykje brukt middel mot skabb, lus, lopper og anna utøy. Gråsalven kunne innehalde så mykje som 30 prosent kvikksølv, oftast blanda ut i svinefeitt. Salven etterlet seg grå flekker på huda og på kleda som var vanskeleg å få av, forklarer Seines.

Kvikksølv er eitt av tungmetalla som i dag er strengast regulert, fordi det er så giftig. Men slik var det ikkje i Lillesand på 1800-talet. I løpet av dei 13 åra Gottwald dreiv apoteket, vart det notert 1299 sal av gift, og 75 prosent av salet var gråsalve «mot utøy». I tillegg kom sal til kundar som hadde resept frå legen. Så kva var det med denne byen?

Heftig giftbruk

– På 1800-talet var Lillesand ein sjøfartsby, og hamnetrafikken førte til eit stort oppsving av syfilis på Sørlandet. I 1870 var det registrert 2239 smitta i Noreg, og av desse var heile 469 frå sørlandsregionen. Og dette er berre dei som gjekk til legen og vart registrerte.

Syfilis er ein seksuelt overførbar sjukdom, men kan også smitte frå mor til ufødd barn og føre til misdanningar.

– Dei fleste som vart smitta med syfilis, måtte oppsøke dokteren. Men mange prøvde nok å halde sjukdomen hemmeleg, for legane var etter kvart pålagde å sende dei sjuke bort for behandling på sanatorium. Dette fekk ofte store økonomiske konsekvensar for den sjuke og for heile familien.

Krukke med svak kvikksølvsalve (10 prosent) og flasker med arsenikkvask. Foto: Anne Mette Seines.

Seines meiner difor det er sannsynleg at ein del av gråsalven som vart seld i Lillesand, var til bruk mot syfilis, kjøpt av folk som ikkje oppsøkte legen.

– Kvikksølvsalve hadde vore brukt mot syfilis i 500 år, og dette var den einaste «kuren» dei hadde. I dag veit vi jo at kvikksølv ikkje drap syfilisbakterien, og at ein kur først vart tilgjengeleg då vi fekk penicillin etter andre verdskrigen.

Rottekrut i såpa

Heilt sidan 1600-talet hadde apoteka hatt einerett til å selje farlege stoff til private, handverkarar og andre.

– Apoteksalet av arsenikk var heilt ekstremt høgt i Noreg i byrjinga av 1800-talet, ikkje minst fordi gifta hadde eit stort bruksområde. Det var eit effektiv middel mot skadedyr som mus og rotter, og vart difor kalla rottekrut. Folk vaska også kyrne sine med arsenikk for å bli kvitt lus og lopper, og dette var vanleg til langt uti 1950-åra.

I byrjinga av 1900-talet var utstopping av dyr ein vanleg overklassehobby, og dyreskinnet vart vaska med såpe av arsenikk.

– Også garvarar, som laga skinn og lêr av dyrehud, var storforbrukarar. Ein garvar i Risør kjøpte 30 kg arsenikk berre i løpet av eit par år, seier Seines.

Ikkje minst var arsenikk eit stoff som vart blanda i måling og kjemiske fargar.

– På 1800-talet var det svært populært med silketapet i «Scheeles grønt», særleg i engelske overklasseheimar. Denne vakre, intense grønfargen inneheldt både arsenikk og kopar, og mange vart sjuke.

Det vart også reklamert for ansiktssåpe med arsenikk for å oppnå fin og plettfri hud. Særleg kjenner vi til dette frå England, fortel ho.

– Sjølv om kunnskapen om gift var mindre den gongen, visste folk at arsenikk var giftig, meiner Seines.

– Kanskje greidde dei ikkje ta inn over seg at små dosar arsenikk var farleg. Men dei brukte jo same gifta til å ta livet av rotter og mus!

Oppskrift på kvikksølvsalve eller gråsalve som inneheldt heile 30 prosent kvikksølv. Foto: Anne Mette Seines

Frykta for mord

Frå krimlitteraturen veit vi at både arsenikk og cyanid var vanlege gifttypar ved drap.

– Arsenikk er smak- og luktlaus, og i byrjinga av 1800-talet var det umogleg å påvise gifta i ein død kropp. Frykta for å bli forgifta var stor, særleg i England. Det utvikla seg eit hysteri som førte til at landet til slutt fekk ei arsenikklov, fortel Seines.

Sverige hadde innført forbod mot arsenikk allereie på slutten av 1700-talet, men Danmark-Noreg innførte i staden giftprotokollar, som gav ein viss kontroll på salet. For å få kjøpt gift på 17- og 1800-talet måtte kundane skaffe attest frå presten eller lensmannen, og i protokollen kunne det sporast kven som kjøpte gifta.

Apoteka vart utfordra

Ein fellesnemnar for forskinga til Seines er å avdekke gifta si historie. Prosjektet hennar er del av det internasjonale forskarnettverket Deadly dreams, som er leia frå Universitetet i Agder.

– Vi forskar på kva for gift som har vore i bruk, og korleis synet på kva som er giftig, har endra seg i takt med ny kunnskap og lovgjeving. I Noreg har apoteka hatt monopol på sal av giftige stoff. Men med framveksten av fabrikkar og kjemisk framstilling av legemidlar fekk vi masseproduksjon av produkt frå utlandet. Folk kunne kjøpe varer via postordre, og apoteka vart utfordra. Ansvaret styresmaktene hadde for å beskytte borgarane mot gift, kom i konflikt med kommersielle aktørar.

Har gått under radaren

Seines har ikkje berre forska på arkivmateriale frå Sørlandet. Ho har studert over 100 giftprotokollar frå ulike apotek i Skandinavia. I tillegg til Noreg har ho blant anna samla materiale frå Stockholm, København og Hillerød.

– På slutten av 1800-talet tok den danske apotekarforeininga initiativ til at norske og danske apotek skulle sende inn giftprotokollane sine. Det er desse protokollane, i samlingane ved Norsk Farmasihistorisk Museum på Bygdøy og Dansk Farmacihistorisk Samling, eg har jobba mest med.

Ho har transkribert protokollar og laga store databasar som ho analyserer.

– I databasen med over 30 000 individuelle giftsal kan eg søke i dei ulike protokollane i Skandinavia og samanlikne funn. Håpet var at materialet skulle vere utfyllande med tanke på geografi, men det har vore vanskeleg. Særleg i Sverige er det samla inn lite materiale.

Giftprotokollen til Lillesand apotek i 1879 viser mange kjøp av gråsalve, blant anna «mot utøi til en Ko». Kunden signerte til høgre, nokre «med påholden pen»: M.p.p. Foto: Anne Mette Seines

Seines trur giftprotokollane mange stader kan ha gått under radaren fordi dei kan likne ei rekneskapsbok.

– Anten er dei ikkje tekne vare på, eller dei kan vere oppbevarte saman med rekneskapsmateriale.

Heller ikkje her i Ibsens apotek i Grimstad er giftprotokollen å oppdrive.

– Det kan jo hende at kvikksølvtrenden i Lillesand har eksistert i fleire giftprotokollar som eg ikkje har hatt tilgang til, men eg har ikkje funne tilsvarande sal i andre apotek, seier Seines.

Om kundane som kjøpte gråsalve hjå Gottwald, hadde syfilis, får vi truleg aldri vite.

– Men namna står jo der, så for lokalhistorikarar som vil forske på det, vil det gå an å finne ut kva desse personane døydde av.

Ei gullgruve å leite i

Seines meiner giftprotokollane er ei gullgruve for den som ønskjer å studere lokalhistorie på 1800-talet og tidleg på 1900-talet.

– Eg fann blant anna ut at det fanst ei gruppe kvinnelege fotografar i Lillesand mykje tidlegare enn vi har visst om. Både fotografar og gullsmedar vart tidleg kundar i apoteka, for dei var avhengige av cyankalium. Fotografane brukte stoffet i fikseringsprosessen, medan gullsmedane brukte cyankalium til forgylling av metall.

– Ingen andre stader enn i desse protokollane kan ein kome så tett på kva for gift folk kjøpte i tidlegare tider. Det er difor dette er så spennande.

  • Les også: