MOOC-satsing uteblei
LUKK

MOOC-satsing uteblei

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 9. september 2016 kl. 09:58

Gratis nettkurs skulle revolusjonere universitetsutdanninga, og norske styresmakter signaliserte storsatsing på nettundervisning. Men tiltaka har uteblitt.

Opne nettkurs som kan følgjast av alle med internett-tilgang, såkalla MOOC (Massive Open Online Courses), ville endre utdanningslandskapet fundamentalt, trudde mange for få år sidan. Det trudde også Stoltenberg-regjeringa, som i 2013 oppnemnde eit utval som skulle foreslå tiltak for satsing på MOOC i Noreg. MOOC-utvalet la fram rapporten «MOOC til Norge – Nye digitale læringsformer i høyere utdanning» sommaren 2014, der dei tilrådde storsatsing på utvikling av MOOC og kompetanseutvikling ved norske institusjonar. Gjennomgangsmelodien i debatten var at MOOC ville demokratisere høgare utdanning i ein grad vi aldri tidlegare hadde sett, og norske universitet måtte kaste seg på bølgja, for kven ville vel sitje i ein fullpakka forelesingssal på eit norsk universitet når ein heller kunne følgje forelesingar med internasjonale stjerneprofessorar heime frå godstolen?

Inngår i utdanningsmeldinga

To år etter MOOC-utvalet sin rapport, er den einaste mest konkrete oppfølginga at Kunnskapsdepartementet har etablert eit fagmiljø for læringsanalyse ved Universitetet i Bergen. Senteret vart opna i juni i år og skal få eit tilskot på om lag 25 millionar kroner frå departementet over dei neste fem åra, opplyser pressekontakt Åsmund Eide i Kunnskapsdepartementet. Dei andre investeringane MOOC-utvalet tilrådde, har så langt ikkje fått oppfølging. I staden vil rapporten inngå som grunnlagsmateriale i stortingsmeldinga om utdanningskvalitet, som er venta neste år.

– MOOC-bølgja har faktisk fått eit visst gjennomslag i norsk høgare utdanning, men ikkje på den måten ein trudde, seier seniorrådgjevar Jon Lanestedt i Norgesuniversitetet, eit forvaltingsorgan under Kunnskapsdepartementet, som skal fremje utvikling og bruk av teknologi for læring og fleksibel utdanning.

Han meiner MOOC har fått konsekvensar på to måtar:

– For det første skapte MOOC-bølgja ei viss uro for at norske institusjonar skulle hamne bakpå i utviklinga, og det har ført til at institusjonane har retta meir merksemd mot pedagogisk praksis i eiga utdanning. For det andre ser vi auka interesse for korleis ein kan integrere MOOC som eitt av fleire læremiddel i tradisjonelle studieprogram.

Tekniske hindringar

Spådommen om at MOOC ville bringe utdanning til store nye grupper som tradisjonelt ikkje hadde hatt tilgang, har førebels ikkje slått til. Fråfallet frå opne nettkurs er skyhøgt, og få av kursa gjev studiepoeng. Ifølgje Lanestedt er det fleire initiativ på gang i Europa der klynger av universitet går saman om system for studiekreditt for MOOC, slik at dersom ein er student ved eitt av dei, kan ein få studiepoeng om ein tek ein MOOC ved eit anna.

– Det har vore to hindringar som ein no er i ferd med å finne vegar rundt. Det eine er dette med formell godkjenning av kurs. Det andre er problemet med å vite kven som har teke kursa. Etter kvart er det utvikla eit spekter av metodar for å sikre at den som tek eksamen, er den vedkomande gjev seg ut for å vere, seier han.

Ifølgje nettstaden mooc.no, som gjev ei oversikt over nettbaserte kurs ved norske universitet og høgskular, vart den første norske MOOC-en køyrt hausten 2013 ved NTNU. I dag inneheld nettstaden 20 kurs, alle gratis.

– Det er viktig å minne om at hovudansvaret for å følgje opp arbeidet med digitalisering, inkludert e-læring, MOOC og digitale læringsformer generelt, ligg hos institusjonane, finansiert over den faste årlege budsjettramma, seier Åsmund Eide i Kunnskapsdepartementet.