Provinsen som vart sentral
LUKK

Provinsen som vart sentral

Av Kjetil A. Brottveit, redaktør

Publisert 1. september 2019 kl. 21:58

Ingen bryr seg om kva vi held på med, har forskingspolitikarane klaga. Med ei nedlegging eller to stiller det seg annleis.

Dei vedtekne nedleggingane av Nesna og Sandnessjøen var tema,
og NRK-utspørjar Fredrik Solvang sa: – Det er eit interessant prinsipp at
13 ikkje-folkevalde styremedlemmer (ved Nord universitet, min merknad), skal bestemme strukturen i høgare utdanning i Noreg. Venstre-leiar Trine Skei Grande vrei seg i stolen.

Det skjer ikkje i kvar valkamp at høgare utdanning og forsking spelar ei rolle. Feltet er prega av mykje tverrpolitisk semje, der den eine regjeringa vidarefører planane til den førre. Slik var det òg med strukturreforma, den store politiske planen for å konsentrere høgare utdanning og forsking på færre og fagleg sterkare stader. Den fyrste Solberg-regjeringa stod bak, og berre Senterpartiet vart ved sin distriktspolitiske leist og røysta mot. Gitt føremålet med reforma og spelereglane som høyrer til – strengare krav til fagleg kompetanse – var det lite overraskande at styret ved Nord universitet vedtok å leggje ned studiestadene Nesna, Sandnessjøen og Verdal. Men det er truleg at mange av politikarane som hadde sleppt reforma gjennom Stortinget fyrst no forstod rekkjevidda:

Reforma er ikkje berre milde endringar av institusjonane, små flyttingar av fagmiljø og årvaken kontroll av kor mykje det vert forska kvar stad. Reforma er mjuk utanpå og hard inni. Lever du ikkje opp til dei talfesta krava, har du ikkje livets rett. Og – behageleg nok for politikarane – dei tvinga universiteta og høgskulane sjølve til å finne ut korleis dei kunne oppfylle kriteria. Kunne dei klare seg på eiga hand? Og, ved samanslåingar, kunne alle tidlegare lærestader – kanskje tidlegare kraftsentrum i byen eller bygda – overleve, i den nye rolla som drabantar kring eit større sentrum? No er politikarane innhenta av harde realitetar. Dei kan ikkje skuve eit universitetsstyre framfor seg. Når reforma har fått så store konsekvensar som i Nordland og Trøndelag, kjem det for ein dag at det ligg politisk styring bak.

Les også: «Det var en høyskole de skulle hatt på Nesna, ikke en universitetscampus»

Den folkelege motstanden mot nedleggingane er framleis intens. Saka har vorte både personleg (fagforeiningar og studentar ville ikkje ha rektor på besøk ved studiestart) og ytterlegare politisert. For nokre dagar sidan, hadde Nesna-aksjonistane invitert stortingspolitikarar frå utdanningskomiteen til konferanse. SV har fremma eit framlegg i Stortinget om at utdanningsstrukturen ikkje berre kan avgjerast lokalt, men at den er ei nasjonal sak. Og eg veit ikkje om det er valkamp eller ettertanke som har ført til at eit breitt spekter av parti i Nordland varslar omkamp på Stortinget: SV, Ap, Sp, KrF og Frp. Dagfinn Olsen frå Frp har sagt han ville prøve å overtyde partifellane om å reversere nedleggingane (NRK.no 28. juni).

Les også: Nesna-studentene snudde ryggen til rektor

Forskings- og utdanningspolitikken har ikkje vorte valkamptema berre på eigen kjøl, men som ein del av distriktsopprøret. Dei vedtekne nedleggingane har vorte trumfkort i den elles svært trumfprega kortstokken til Trygve Slagsvold Vedum, som ifølgje meiningsmålingane leiar det største partiet i dei tre nordlegaste fylka.

I ein NRK-debatt med Jonas Gahr Støre drog han nedleggingane fram saman med Andøya og politireforma. Støre valde heller å svare om Andøya, men vi var nesten der! Og endå nærare i VG: Etter press frå samarbeidspartnar Slagsvold Vedum her òg, slutta Støre seg noko vagt til ynsket om å reversere nedleggingane. Og Ap-leiaren vil ha ei reform for desentralisert utdanning, kva som no skal liggje i det. At institusjonane skal ha ein grad av sjølvstende, er eit viktig prinsipp. Men ei klårgjering av kva politikarane skal bestemme om kor vi skal ha studiestader verkar heilt nødvendig, og slik sett er valkampen eit steg på vegen. Vi nærmar oss at politikarane vert haldne ansvarlege for følgjene av eigen politikk.

  • Les også: