– Vi hadde snakka om det: Kva gjer vi om ingen av oss får fast stilling i Oslo?

Av Johanne Landsverk

Publisert 5. mars 2019

Elisabeth og Ola Teige tok valet og flytta frå byen. – Her har vi alt vi treng.

Elisabeth og Ola Teige hadde ingen jobb å gå til. Ho var ferdig med stipendiatperioden i utdanningshistorie, og han var i ferd med å avslutte perioden som postdoktor i historie ved Universitetet i Oslo (UiO).

– Vi hadde snakka om det: Kva gjer vi om ingen av oss får fast stilling i Oslo? Då måtte vi sannsynlegvis flytte på oss. Så vi gjorde ein avtale om å dra dit den første av oss fekk jobb, seier Elisabeth Teige.

Etter fleire år som timelærar og vikar ved UiO og Høgskolen i Østfold var målet klart:

– Eg ville ha fast stilling, og søkte på alt som fanst av relevante jobbar sør for Steinkjer. Så vart det lyst ut ei stilling som førstelektor/førsteamanuensis i samfunnsfag ved lærarutdanninga i Volda. Den fekk eg, seier ho.

Heller ikkje for ektemannen Ola var det utsikter til fast jobb ved UiO i næraste framtid. Men Volda hadde eit fagmiljø innanfor eldre historie som også passa for han.

– Eg såg føre meg eit liv som frilansar med historieskriving, og tenkte at det kunne dukke opp litt undervisning eller eit vikariat på sikt, seier Ola Teige. Då var det lett å bestemme seg for Volda.

I Volda er det gode sjansar for å nå til topps, anten på karrierestigen eller fjelltoppane rundt. Foto: Marius Beck Dahle

 

– Likestilling eit hinder

Kor uvanleg det er at folk flyttar frå byen til ein forskarjobb i distriktet, veit vi ikkje. Så langt Forskerforum kjenner til, finst det ikkje finne forsking på området eller eit oversyn over flyttevanane til norske forskarar. Men det vi veit, er at dei fleste store forskingsinstitusjonane ligg i større byar.

– Eg har i alle år undra meg over den låge mobiliteten blant akademikarar i Noreg. Mange vegrar seg for å dra til ein annan del av landet, seier Thomas Hylland Eriksen, professor i sosialantropologi ved UiO. – Det typiske eksempelet på det motsette er USA, der forskarar flyttar 2000 kilometer frå kyst til kyst for å få seg jobb, og der dette er ein heilt naturleg ting å gjere.

Han trur likevel ikkje hovudgrunnen er uvilje mot å flytte til distrikta.

– Det kan vere noko med stad og identitet som hindrar folk i å flytte, men det har også med likestilling å gjere, for det kan vere vanskeleg for begge å få jobb. I mange land er det slik at når ein mannleg forskar får jobb, blir konene med. Dette er mindre akseptert her i Noreg, seier Eriksen.

Han meiner det ikkje er grunnlag for å seie at nordmenn er meir tryggleiksnarkomane og mindre fleksible enn andre.

– Eg trur dette handlar om praktiske omsyn. Mange ville nok gjerne flytta frå Oslo til Volda eller Lillehammer om begge fekk jobb.

 

– Må vere villige til å flytte

I Volda skin sola, og på høgskuleområdet vrimlar det av studentar. Her er det små forhold, og inne på biblioteket helsar dei fleste på kvarandre, både studentar og lærarar.

Ekteparet Teige var ikkje blant dei som drøymde om eit liv på landet.

– Vi likte oss veldig godt i byen. Men for dei som er i ein livsfase med små barn, er Volda ein fin stad. Og ikkje minst fekk vi bytta ut ei lita leilegheit i Oslo med eit stort hus her til same prisen, seier Ola Teige. Han meiner akademikarar må vere villige til å flytte på seg.

– Innanfor historiefaget er det langt mellom jobbane, og skal ein få fast, vitskapleg stilling i akademia, må ein ofte velje mellom å flytte eller pendle. Vi har tre barn som var i alderen null til åtte år då vi flytta, og det var heilt uaktuelt for meg å pendle og vere borte frå barna store delar av veka, seier han.

– Volda er ein bra stad for folk med små barn, meiner Elisabeth Teige, Ola Teige og Bjarte Folkestad. Foto: Marius Beck Dahle

Elisabeth trur det er livsfasen som avgjer i kva grad akademikarar tek spranget.

– Det er jo vanskeleg om ein av partane i forholdet har begynt på ein karriere ein annan stad, eller om ein har familie med barn. Vi hadde barn, men dei var ganske små. Då vi flytta, var den eldste ferdig med første klasse, og vi måtte uansett ut av leilegheita og flytte til ein annan skulekrets. Men er barna i tenåringsalderen, skal det nok mykje meir til å flytte så langt, meiner ho.

God historiekompetanse

Midt i flyttinga til Volda fekk Ola Teige tips om ei stilling som forskingskoordinator ved høgskulen. Han søkte, og alt gjekk i boks: Ola fekk jobben.

Dei som forskar på eldre historie, kan like godt bu i Volda som i Oslo. Foto: Marius Beck Dahle

– Den stillinga hadde eg nok aldri søkt på om vi ikkje var på veg opp hit, meiner han. Men no var han innanfor: Etter berre to år i administrasjonen fekk han fast stilling som førsteamanuensis i historie. Og det går raskt å gjere karriere i Volda. Nyleg vart han leiar ved Historisk institutt.

– Dei er berre sju fast tilsette ved instituttet, kommenterer Elisabeth.

– Ja, alle dei andre som var aktuelle, har vore instituttleiarar før, så det var min tur, seier ektemannen.

Han seier at fleire fagmiljø ved høgskulen har problem med å rekruttere godt kvalifiserte folk.

– Det er nok mest fordi Volda ligg der det ligg. Men innanfor historie er det så mange med doktorgrad at sjølv Volda greier å rekruttere folk med førstekompetanse.

Dei siste åra har det nemleg kome fleire historikarar frå Oslo og andre byar, både stipendiatar og folk med førstekompetanse.

– Vi har jo mange kontaktar i historiemiljøet. Og når vi først har fått nokon til å flytte, er det kanskje lettare for andre, meiner Elisabeth.

 

– Får ikkje jobb ved UiO

Historieprofessor Hans Jacob Orning er ein som kjenner Volda godt. Han jobba ved høgskulen i sju år før han i 2012 fekk fast stilling ved Institutt for arkeologi, konservering og historie ved UiO.

– Sjansen for å få jobb ved UiO etter du har disputert der, er mikroskopisk. Særleg i dag som det er så mange internasjonale søkjarar til stillingane, seier han.

Orning meiner det er sunt for forskarar å kome seg ut, og at det kan vere enklare å bygge ein karriere på mindre stader.

– Volda skil seg ut fordi det ikkje er så lett å pendle dit, elles er det mange historikarar som får jobb ved Universitetet i Søraust-Noreg. Eg trur små lærestader som Volda har fått ei auka forståing for at folk ikkje blir verande for evig, og at dei likevel kan ha ein viktig funksjon. Mange dreg igjen etter nokre år, og det er ikkje verdas undergang. Det er faktisk også ein del som slår seg ned der, seier Orning.

Han trur forskarar i dag veit at dei har eit val:

– Skal du gå forskarvegen, må du vere villig til å flytte på deg. Det kan verke som om fleire innser at dei ikkje får jobb i Oslo og må dra andre stader. Alternativet er ein jobb som ikkje er forskarrelatert.

Berre ein mellomstasjon?

Orning meiner at åra i Volda var heilt avgjerande for karrieren hans.

– Eg hadde truleg ikkje vore i akademia i dag om eg ikkje hadde fått den jobben. På ein mindre stad kan ein få litt ro til å bygge seg opp. Og eg trur det hadde vore for tøft for meg å gått rett frå doktorgrad til fast stilling i Oslo. Eg trong den mellomstasjonen i Volda, seier han.

Så er Volda berre ein mellomstasjon for Ola og Elisabeth, slik at dei skaffar seg kompetanse?

– Nei, no bur vi her, seier Ola. – Det var ei avgjerd vi tok, at skulle vi først flytte, måtte vi gjere det skikkelig. Det nyttar ikkje å stå igjen med eitt bein i Oslo. Kvar vi er om ti år, veit vi ikkje, men vi trivst veldig godt både fagleg og sosialt.

– Det er klart vi også bygger karriere, seier Elisabeth. – Men vi har flytta over fjellet med tre små barn, og det er ikkje noko vi har lyst til å gjere ein gong til. Dei har slått røter, og Volda er heime. Det er her fritidsaktivitetane og vennene er.

Og den yngste snakkar sunnmøring, skyt Ola inn.

– Sunnmøringane meiner elles at ein ikkje kan oppdra barn andre stader enn på Sunnmøre, så dei lokkar med seg partnaren heim. Det er ein god del innflyttarar her i Volda, og mange av dei har flytta heim til besteforeldre og familie. Det kan vi kjenne litt på, at sjølv om vi etter kvart kjenner mange, har vi flytta bort frå sosiale nettverk og ikkje minst frå besteforeldre, seier han.

– Alt samla på lite område

Ein sunnmøring som fekk jobb ved høgskulen i fjor, er Bjarte Folkestad. Innanfor kontordøra hans står ein rattkjelke.

– Ja, her ser du korleis eg kom meg på jobb i dag, seier han. Barneskulen ligg nemleg eit lite steinkast unna høgskulen.

Folkestad er statsvitar og var i mange år valforskar ved tidlegare Rokkan-senteret i Bergen, før han i fjor fekk jobb i samfunnsfag ved høgskulen.

– Det som er bra med Volda, er at alt ligg samla på eit lite område, både barnehage, skular og idrettsanlegg. Ungane mine kan i praksis gå heile løpet frå barneskule til doktorgradsutdanning innanfor ein gangavstand på 15 minutt, seier han.

– Her er det kort veg til alt, og lett tilgang til naturen, seier sunnmøringen Bjarte Folkestad (t.v.). Her på biblioteket med Elisabeth og Ola Teige. Foto: Marius Beck Dahle

Folkestad kjem frå Stranda, ein god times køyreavstand frå Volda. Også kona hans er sunnmøring.

– Vi budde i lag i Bergen i atten år, og etter at vi fekk vi ungar, trekte vi oss ut av sentrum og brukte byen stadig mindre. Vi reiste alltid til Sunnmøre i feriane, så jula i fjor var første gong vi slapp å reise heim. Det har lege i korta heile vegen at vi ville flytte, og så dukka denne stillinga tilfeldigvis opp no, seier Folkestad.

Dei to har kjøpt hus like bak høgskulen.

– Eit viktig poeng med å flytte var å kunne bu sentralt og nær skulen og sleppe pendling. Då eg tok bussen til jobb i Bergen, brukte eg tre kvarter éin veg, og no tek det sju minutt å gå på jobb. Her har vi besteforeldre i nærleiken, og ikkje minst har vi god tilgang til naturen.

Men kona har ikkje fått fast jobb enno.

– Ho har master i mediefag og administrativ arbeidserfaring. Så vi er ikkje så veldig bekymra, men det er ein god del konkurranse om stillingane her i Volda, seier han.

Må reise meir ut

Folkestad meiner fordelen med å jobbe ved ein liten høgskule er at dei tilsette er nøydde til å vere litt andre stader innimellom.

– Slik som forskingsverda er i dag, må ein samarbeide med partnarar frå ulike institusjonar.

Sjølv har han ei «toarstilling» ved den gamle arbeidsplassen sin i Bergen, som i dag heiter NORCE.

– På den måten kan eg halde kontakt med forskingsmiljøet der, seier han.

Elisabeth Teige er einig.

– Når det gjeld forsking, er det ikkje store forskjellen på å sitje i Volda eller Drammen. Men vi må vere flinke til å reise ut, og kjappe til å hive oss rundt for å delta i forskingsnettverk. Når forskarar skal leite opp eit nettverk, startar dei nok ikkje i Volda, seier ho.

Ola Teige forskar på 16–1700-tals historie, og ved Historisk institutt har han 50 prosent tid til forsking og utvikling (FoU).

– Dette er faktisk ein av fordelane her. Mange andre stader må ein søke om tid til FoU.

Lettare å gå til topps

Høgskulen har stort trykk på å auke kompetansen, ikkje minst for å oppfylle krava frå styresmaktene. Dessutan vil mange professorar snart pensjonere seg. Men dei professorkompetente flyttar ikkje til Volda.

– Vi må lage våre eigne professorar. Høgskulen har gode tiltak for intern kompetanseheving, med ordningar for høgskulelektorar som vil søkje doktorgrad. Og det finst eigne professorstipend, seier Elisabeth.

Bjarte meiner dei generøse ordningane er heilt nødvendige.

– Eg hadde ikkje flytta hit utan å ha fått fast jobb med gode vilkår for å bli professor.

– Volda er vel ikkje førstevalet for forskarar i dag?

– Innanfor historiefaget er det så mange med doktorgrad at sjølv Volda greier å rekruttere folk med førstekompetanse, seier Ola Teige. Foto: Marius Beck Dahle

– Nei, kanskje ikkje, men her har vi i alle fall gode sjansar til å «gå til topps» – om det er på den akademiske karrierestigen eller på fjelltoppane i nærleiken, seier han.

 

– Jobben er ikkje livet

Ifølgje Thomas Hylland Eriksen er det norske velferdssamfunnet ein av grunnane til at forskarar i Noreg flyttar lite.

– Eg trur velferdsstaten Noreg er såpass god at folk ikkje opplever situasjonen så prekær som i mange andre land. Om ein spansk forskar får jobb i Madrid og ektefellen i Malaga, vil det så klart gå ut over parforholdet og barna, men mange stader er dette noko ein er nøydd til å gjere for å ha noko å leve av. Her i Noreg kan vi få ein annan jobb, sjølv om det ikkje er den jobben vi har drøymt om, seier han.

– Ein annan kulturell faktor er at vi i Noreg har ei anna haldning til arbeidet enn i land som USA og Storbritannia. I Noreg er ikkje jobben heile meininga med livet. Vi har eit barnevennleg samfunn og prioriterer familien. Mange utlendingar som kjem hit, synest det er uhøyrt at nordmenn stikk av frå jobben for å delta i juleavslutninga for barna på skulen.

 

– Har alt vi treng

Elisabeth og Ola meiner Volda er ein bra stad å bu for folk med barn.

– Vi har opplevd at det å flytte til ei bygd er meir positivt enn vi hadde tenkt. I den fasen vi er i no, har vi alt vi treng her i Volda. Vi hadde ikkje tid til å gå i Nationaltheatret kvar veke heller, seier Ola.

– Det eg verkeleg saknar her, er å kunne kjøpe meg ein god «ta med-kaffi» på veg til jobb. Og eg saknar toget, seier Elisabeth.

For i Volda er det ikkje berre å hoppe på eit tog. Mange av vennene deira har jobb ved høgskular rundt Oslo, og kan pendle til Bø, Halden og Notodden.

– Det var nok ein del som synest vi var ganske galne som drog til ein liten stad som Volda, seier Elisabeth.

– Men eg vaks opp i Geithus i Buskerud. Så eg er sjølv frå bygda.

Enquete:

– Kor langt er du villig til å flytte for å få fast jobb?

MAGNUS LØBERG, førsteamanuensis i medisin, UiO

– Eg er jo lege, så eg kunne nok fått meg andre jobbar enn i akademia. Men generelt trur eg forskarar i Noreg er meir stadbundne enn i mange andre kulturar, der forskarar flyttar dit det er jobb.

 

ANNA DYBWAD ALSTAD, vitskapleg assistent, Institutt for geografi, UiB

– Eg er ikkje sikker på om eg skal fortsetje å forske innanfor akademia. Så det kjem jo an på kva for jobb det er. Eg er ganske flyttbar, så det hadde i alle fall ikkje vore ei stor utfordring å flytte til ein større by i Noreg.

 

LINA H. INGEBORGRUD, forskar, Institutt for tverrfaglege kulturstudium, NTNU

– Eg vil gjerne jobbe med forsking, men er open for andre karrierevegar enn å klatre i det akademiske systemet. Sambuaren og eg har snakka om å flytte til Austlandet, uavhengig av om eg først får fast jobb.

 

  • Les også: