Dei siste høgskulane
LUKK

Dei siste høgskulane

Av Johanne Landsverk og Håvard Nesbø (foto)

Publisert 5. juni 2015 kl. 09:33

Regjeringa gjer vegen vanskeleg for små høgskular. Snart er dei fleste blitt filialar under universiteta.

dei-siste-h-gskulane


– Politikarane må ikkje gløyme den regionale rolla til høgskulane, seier Per Halse, rektor ved Høgskulen i Volda. Foto: Carl Nesset/HVO

dei-siste-h-gskulane


– Vi skal greie å innfri forventningane frå regjeringa, seier dekan Rasmus Stokke som overtek rektorstillinga 1. august. Her med rektor Åse Løkeland.

dei-siste-h-gskulane


Høgskulen i Sogn og Fjordane er svært viktig for regionen. Her frå campus Sogndal.

Fakta
<

– Om regjeringa får medhald i å gjennomføre innhaldet i strukturmeldinga, får det store konsekvensar for korleis vi leier og driv høgskulane i Noreg, seier rektor Åse Løkeland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF).

Blant høge fjell ligg campus i Sogndal. Her i det nye, flotte høgskulebygget held sentraladministrasjonen til. Rektor Løkeland er spent, for i desse dagar kjem stortingsmeldinga om struktur opp i Stortinget, og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har vore temmeleg klar på at HiSF er for liten. Høgskulen har om lag 4000 studentar, og statsråden har stilt seg tvilande til at HiSF vil greie å oppfylle kvalitetskriteria som vil kome. Særleg skårar høgskulen lågt når det gjeld forskingspublisering.

Men ved HiSF har dei ikkje mista motet:

– Vi har eit samrøystes styrevedtak på at HiSF skal halde fram som sjølvstendig høgskule, seier Løkeland.

– Er ikkje det urealistisk med tanke på alle krava som regjeringa vil stille?

– Nei, vi er på god veg. Forskingsbarometeret viste at vi har ein auke i publisering på 77 prosent frå 2013 til 2014. Dette vil gå i bølgjer, men vi ligg no på gjennomsnittet for høgskulane, og publiserer meir per tilsett enn både Høgskulen i Bergen (HiB) og Høgskulen i Sør-Trøndelag (HiST). Når det gjeld talet på tilsette med førstekompetanse, ligg vi på 38 prosent, men vi har ei stigande kurve også her. Målet er at 50 prosent skal ha førstekompetanse innan 2020.

– Dette er vel ikkje godt nok for Røe Isaksen?

– Nei, og eg hadde forstått det om alle kurvar hadde peika nedover, men situasjonen er ein heilt annan: I 2013 hadde vi 1,8 søkjarar til kvar studieplass, og vi hadde ein auke i søkjartalet på 28 prosent frå 2014 til 2015. Vi har også den høgste gjennomstrøyminga av studentar i landet på 61 prosent, seier Løkeland.

Vil samarbeide med Bergen

Rasmus Stokke er dekan ved lærarutdanninga ved HiSF. Han fortel at det blir stilt store krav til den nye femårige lærarutdanninga, som kjem i 2017.

– HiSF har allereie ei masterutdanning i læring og undervisning, og vi skal greie å innfri kravet om master i norsk, matematikk, samfunnsfag og idrett. Men vi har ikkje god nok rekruttering til å kunne tilby masterutdanning i alle undervisningsfag. Kravet om karakteren fire i matematikk for å kome inn på lærarutdanninga vil nok ramme alle høgskulane, og vi skal tole noko reduksjon i studenttalet, seier Stokke.

[wip4: photo=741345 width=512 align=middle]

Han har tru på at høgskulen vil overleve. Planen er å samarbeide tett med Bergen, og HiSF er no i dialog om ein samarbeidsavtale med UiB og HiB innan lærarutdanning, EU-samarbeid, og administrasjon.

Høgskulestyret ved HiSF har også vedteke ein plan B:

– Om vi likevel blir bestemt over og ikkje får vere aleine, går vi inn for ein fleircampusinstitusjon saman med UiB, HiB og Høgskulen i Volda (HVO), seier Løkeland.

– Filialar under universitet

Volda står altså ikkje øvst på lista for HiSF.

– Eg forstår at HiSF gjerne vil fortsetje aleine. Men eg stussar på at når dei opnar litt for ein plan B, så må det vere i lag med Bergen. Saman kunne vi her på Nord-Vestlandet ha vore eit alternativ til dei store byane, seier rektor Per Halse ved HVO. Han er skeptisk til at Vestlandet kan få ein NTNU-liknande modell styrt frå Bergen.

– For oss i Volda har det ikkje vore eit hovudpoeng at vi absolutt må fortsetje aleine. Det som vi har vore skeptiske til, er dei store samanslåingane der dei regionale høgskulane blir filialar under universitet i ein av dei store byane. Vi har vore positive til å få ein sterkare regional høgskule med Molde, Ålesund og Sogn og Fjordane. Men når Ålesund går til NTNU, og HiSF ser meir sørover enn nordover, må vi ta omsyn til det. Difor har vi snakka nærare med Molde og Lillehammer, men ikkje om fusjon. Her er det snakk om tettare samarbeid for å gjere kvarandre sterke med tanke på skjerpa kvalitetskrav.

[wip4: photo=741343 width=512 align=middle]

Halse er redd for kva som vil skje når styra ved dei store institusjonane skal bestemme.

– Dei kan vere så blide og positive, dei som sit i leiinga i dag, men vi kjenner oss tryggare for framtida så lenge vi har ei viss regional styring.

Også Terje Bjelle, viserektor for utdanning ved HiSF, meiner at lokalt sjølvstyre er viktig.

– At vi er sjølvstendige, gjev oss stort handlingsrom. Det er ikkje mange som trur at Sogndal og Førde hadde vorte satsa på som attraktive studiestader om vi var styrte frå Oslo eller Bergen, seier Bjelle.

– Kvifor ikkje fusjonere med Volda?

– Volda er ein viktig samarbeidspart for oss, men om vi først MÅ fusjonere, må det bli saman med nokon som kan gje oss eit løft. UiB har blant anna eit stort støtteapparat innan forsking. Vi er ein to-campushøgskule, med ingeniørfag og sjukepleiefag i Førde, og begge desse miljøa er meir orienterte mot Bergen. Dei tilsette i Førde er også meir positive til fusjon med HiB.

Tett oppfølging av studentane

I høgskulebygget sit Frode Olav Haara og Eirik S. Jenssen, som begge underviser på masterutdanninga for lærarar. Dei er ikkje i tvil om at HiSF bør vere aleine.

– Ja, det er ikkje noko å diskutere, vi er strålande nøgde med at styret vårt har gjort dette vedtaket. Vi ønskjer ikkje å bli styrte frå byen, seier Haara, som er førsteamanuensis i matematikk.

Han meiner stader som Sogndal og Førde trekker til seg studentar på grunn av det gode miljøet.

– Identiteten vår er viktig. Her er det også nær kontakt mellom student og lærar, og vi legg vekt på tett oppfølging av studentane, noko som ofte blir kommentert av studentar som tidlegare har studert i Oslo eller Bergen.

– Men er det realistisk at HiSF held fram som eigen høgskule?

– Ja, det er vi ikkje i tvil om, seier Jenssen, førsteamanuensis i pedagogikk.

– Vi veit lite om alle dei nye kriteria, men vi veit at det blir femårig lærarutdanning. Og vi har planar om å imøtekome alle desse krava, blant anna når de gjeld kompetanse. Men det handlar om å få tid og rom til å gjennomføre planane.

Jenssen meiner HiSF blir opplevd som ein sterk og robust institusjon i distriktet.

– Men dei nye rammene gjer at vi kjem i ein sårbar situasjon. Vi har dei same utfordringane som andre høgskular, men det vi ikkje rår over, er søkjarmassen.

Dei to meiner også at forskingsmiljøet ved HiSF held god kvalitet.

– Vi samarbeider med dei beste fagmiljøa i Noreg, som Noregs idrettshøgskule, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), NTNU, UiO og UiB. Og vi har bra gjennomslag på søknader i Forskingsrådet, seier Haara.

Stortingsmeldinga er sterkt ideologistyrt, og gjennomsyra av at stort er godt.

– Høgskulane bør få fred

Liv Signe Navarsete (Sp) meiner høgskulane bør få halde fram som sjølvstendige einingar.

– Dei høgskulane som står att, må no få fred, seier Navarsete, som sit på stortingsbenken for Sogn og Fjordane.

– Dette er ein ideologisk driven prosess som vi ser i alle sektorar innanfor det offentlege. Det handlar om ein ideologi som seier at berre alt blir større, så blir det også betre. I Sp meiner vi at ein kan få høg kvalitet også med mindre einingar. HiSF kan til dømes vise til sterk vekst i søkjartalet, og høgskulen ligg på topp når de gjeld studentgjennomstrøyming. Høgskulen burde bli kreditert for dette og ikkje snakka ned, slik eg opplever at regjeringa no gjer, seier Navarsete.

Ho er også oppteken av at HiSF no har laga ein ambisiøs plan for forsking.

– Sp meiner elles at forsking ikkje kan vere det einaste styrande for strukturen i høgare utdanning. Høgskulane skal sikre profesjonsutdanningane og tilføre god utdanning til regionane. Der har HiSF gjort ein fantastisk jobb, og høgskulen er kanskje den viktigaste institusjonen i fylket. Om ein eventuelt tvungen fusjon skal føre til at HiSF blir svekt, vil det vere eit skikkeleg stort tap for Sogn og Fjordane.

Navarsete får støtte av Volda-rektoren.

– Stortingsmeldinga er sterkt ideologistyrt og gjennomsyra av at stort er godt. Dette er det verkeleg grunn til å få meir politisk debatt om, seier Halse.

– I meldinga prøver ein å trekkje fram alle høgskular som er under ei kritisk grense, men då stemmer ikkje dette med storleik. I Volda kjem vi veldig godt ut når det gjeld publisering, medan fleire store høgskular slit. Dette er konsekvent i meldinga: i dei tilfella der fakta viser at kvaliteten kan vere vel så bra på mindre institusjonar, blir det forbigått og ikkje kommentert. Mange har for få med førstekompetanse, men ikkje vi. Og når det gjeld gjennomstrøyming på bachelornivå, veit ein jo at dei små institusjonane er best. Det regjeringa har rett i, er at vi ikkje er gode på å skaffe forskingsmidlar frå EU. Dette er eit viktig poeng for regjeringa.

Halse meiner politikarane ikkje må gløyme den viktige regionale rolla til høgskulane.

– Høgskulane utdannar til regionen. Om høgare utdanning blir endå meir sentralisert, blir det verre å få kompetent arbeidskraft i regionane, seier Halse.

Vi ønskjer framleis høgskular i Noreg, i alle fall høgskulefunksjonen.

Ap støttar samanslåingar

Marianne Aasen er forskingspolitisk talsperson for Ap. Då Forskerforum tok kontakt, hadde ikkje partiet diskutert detaljane i strukturmeldinga som skal opp i Stortinget 11. juni.

– Men vi ønskjer framleis høgskular i Noreg, i alle fall høgskulefunksjonen. Det andre vi er opptekne av, er at storleik ikkje nødvendigvis seier noko om kvalitet. Men samtidig er vi einige med regjeringa i at fagmiljøa må ha nok kompetanse og mange nok studentar til å halde eit høgt nok fagleg nivå.

– Så Ap meiner det bør vere større institusjonar?

– Vi støttar regjeringa i at vi bør få fleire samanslåingar, men det bør vere frivillig. Ap saknar større grad av arbeidsdeling mellom institusjonane. Vi har for mange studietilbod på for mange stader.

[wip4: photo=741352 width=512 align=middle]

Statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet (KD) seier at arbeidet med å bygge struktur, ikkje er over med denne meldinga:

– Fleire institusjonar er framleis sårbare aleine. KD vil difor halde fram dialogen med fleire av institusjonane for å avklare plassen deira i den framtidige universitets- og høgskulesektoren. Meldinga er berre første fasen, og ikkje slutten på prosessen, seier Haugstad.

Frå 1. august 2015 overtek Rasmus Stokke som rektor ved HiSF. Men blir han leiar for ein sjølvstendig høgskule?

– Det er jo avhengig av det nye høgskulestyret, seier Stokke.

– Men eg ser for meg at HiSF blir sjølvstendig i mange år framover. Vi legg opp til at vi skal greie å innfri forventningane frå regjeringa, og samarbeidet med institusjonane på Vestlandet vil halde fram. Det blir nok ikkje tvangssamanslåing enno.

 

Høgskular i spel

Høgskular på Austlandet og i Trøndelag har òg hamna på sidelina.

– No får vi ei sterk sentralisering mot store universitet som ikkje vil vere særleg opptekne av regionane, seier rektor Steinar Nebb ved Høgskulen i Nord-Trøndelag (HiNT).

Han er redd vi får ein ny struktur med fleire universitet enn statlege høgskular.

– Då har høgskulane tapt, og vil forsvinne i løpet av få år.

Nebb meiner NTNU har blitt ein joker i eit stort spel.

Ein heil sektor er sett i spel, der dei med størst makt kan dirigere dei små høgskulane slik dei vil.

– Det naturlege for oss var å føre samtalar med Høgskulen i Sør-Trøndelag (HiST). Men no er ein heil sektor sett i spel, der dei med størst makt kan dirigere dei små høgskulane slik dei vil. Når det gjeld HiNT, har vi faktisk opplevd at vi kan få ta eit sjølvstendig val, bortsett frå at NTNU ikkje ønskjer oss velkomen. Vi kan vere sjølvstendig som i dag, eller slå oss saman med Universitetet i Nordland (UiN). Men sjansen er stor for at vi allereie no går i kompaniskap med UiN, seier Nebb.

Framleis aleine

Likevel er det fleire høgskular som prøver sjølvstendelina i det lengste: i tillegg til Høgskulen i Sogn og Fjordane vil også Høgskulen i Hedmark (HiH) og Høgskulen i Østfold (HiØ) helst fortsetje aleine.

– Innspelet vårt til Kunnskapsdepartementet er at vi ønskjer å halde fram som eigen sjølvstendig institusjon. Men vi er opptekne av samarbeid med andre, og har spesielt peika på tre institusjonar i regionen: Høgskulen i Oslo og Akershus, NMBU og HiH, seier rektor Hans Blom ved HiØ.

Ifølgje Blom er HiØ ein solid høgskule, med 6500 ordinære studentar, i tillegg til 2000 studentar på etter- og vidareutdanning. Han meiner difor HiØ er stor nok til å halde fram som sjølvstendig høgskule.

Blant andre høgskular som framleis er aleine eller ikkje har funne seg ein fusjonspartnar, er Høgskulen i Volda, Høgskulen i Molde, Høgskulen i Lillehammer og Høgskulen i Bergen.