Det indirektes problem
LUKK

Det indirektes problem

Av Kjetil A. Brottveit, redaktør for Forskerforum

Publisert 4. juni 2019 kl. 15:25

Nei, vi får ikkje ei gjennomtenkt og heilskapleg oppbygging av høgare utdanning i Noreg med dagens indirekte politikarstyring.

Høgre skal ikkje ha skulda aleine. Bortsett frå Senterpartiet stilte stortingspartia seg i 2015 bak strukturreforma – planen for samanslåingar av universitet og høgskular. Eller dei såg ein annan veg sidan saka er å så komplisert.

Kjetil Brottveit, redaktør

Det er lettare å overlate til Nokut, Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga, om kvaliteten er god nok og til institusjonane korleis dei best skal ha sjanse til å overleve. Nei, vent litt, berre dersom styra ved institusjonane tek avgjerder som ikkje er for dumme eller upopulære. Då må ein kanskje skrive eit brev, slik forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø gjorde til styret ved Nord universitet i april. Før dei skulle diskutere kva lærestader dei skulle styrke, svekke eller leggje ned, minte ho om at forsking berre er éin av pilarane til universitetet. Dei skal òg tene samfunnet i regionen. Ho verka spesielt oppteken av at sjukepleiarutdanninga i Namsos er viktig for sjukehuset same stad: «Videre legger jeg til grunn at styret særlig vurderer hvordan behovene til helseforetakene kan dekkes, og ikke forskutterer konklusjoner i pågående lokaliseringsdiskusjoner.»

Brevet frå Nybø illustrerer det eg vil kalle det indirektes problem. Strukturreforma vart driven gjennom av dei dåverande Høgre-toppane i Kunnskapsdepartementet: minister Torbjørn Røe Isaksen og statssekretær Bjørn Haugstad. Dei hadde nok lært at direktheit er vanskeleg. Er du direkte, vert motstanden direkte. Då Stjernø-utvalet i 2005 freista å sjå landet under eitt og føreslo mange fusjonar, var motstanden sterk. Som no, la dei vekt på konsentrasjon og kvalitet, og som no med ei noko for einspora overtyding om samanhengen mellom dei to.

Strukturreforma er knapt mindre drastisk, men meir kaotisk. Politikarane har gjeve sterke føringar om at samanslåingar må til, men institusjonane sjølve har bestemt med kven. Det kan seiast å vere smidig og effektivt – no rører institusjonane endeleg på seg, utan at vi, politikarane, må utøve direkte makt. Men det er ikkje særleg demokratisk: Verken folkevalde, tilsette ved institusjonane eller områda rundt har hatt stor innverknad på dei toppstyrde prosessane ved institusjonane. Fusjonane har snodd seg fram mellom alle folkevalde nivå. Resultatet er ikkje heilskapleg. Dei fleste har slått seg saman med naboinstitusjonar, men NTNU var tidleg ute med ein fusjon meir bygd på fagleg nærleik (med Ålesund og Gjøvik) enn på geografisk nærleik (med Høgskulen i Sør-Trøndelag). Marit Arnstad (Sp) oppsummerte nyleg at «strukturreforma var forhasta og underfinansiert. Det var ein reform der politikken valde å abdisere og overlate til sektoren sjølve å føreslå samanslåingar. Den politiske ansvarsfråskrivinga var total.» (Dagsnytt 18 15. mai) Så la ho til: «Taparane er høgskulane.»

Forskerforum har besøkt ein av taparhøgskulane, Nesna i Nordland, som i 2016 vart del av Nord universitet. Blant mange perspektivutvidingar reportasjen byr på, kan eg trekkje fram denne: Sett frå distrikta rundt, til dømes øyene utanfor Helgelandskysten, er Nesna sentralt. Med hurtigrute og alt. Forsvinn Nesna som studiestad, er det òg mange som mistar den einaste realistiske sjansen dei har til å studere. Mange studentar må ta omsyn til jobb og familie, og har (allereie) ein lang reiseveg til Nesna. Som eitt av mange tiltak for å konsentrere Nord universitet, er det no føreslått å leggje ned denne studiestaden. Politikarane har ikkje gjort det, ikkje direkte. Framlegget kjem frå den konstituerte rektoren som truleg ikkje har handlingsrom til å gjere så mykje anna. Kunnskapsdepartementet styrer einingane gjennom etatsstyringsmøte, tildelingsbrev og utviklingsavtalar. I utviklingsavtalen frå 2017 mellom departementet og Nord heiter det at ein skal «beslutte en helhetlig campusutviklingsplan for Nord universitet basert på fremtidig studiestedsstruktur innen sommeren 2019». I tildelingsbrevet frå desember 2018 er formuleringa teken opp att, og departementet understrekar: «Målene i avtalen skal kunne realiseres innenfor eksisterende finansielle ressurser.» Så der sit rektoren då, og skal få meir ut av pengane. Men, forresten, no i eit brev på tampen: Hugs ansvaret for «behovet til helseforetakene».

Den avpolitiserte politikken for forsking og høgare utdanning ser no ut til å verte tvinga til ein ende, nedanfrå og frå distrikta. Opprøra mot nedlegging og nedskalering koplar seg saman med andre bunadskledde rørsler mot sentralisering av sjukehus og politi. Om politikarane ikkje vil ha ansvar for utdanningspolitikk, vil veljarane gjere politikk av sentraliseringa i lokalvalet til hausten.

Brevet frå statsråd Nybø er eit symptom på eit politisk hol. Brevet kan ikkje lappe holet, men gjer det tydeleg at holet finst. Lappen er for liten.

Les også: