Leiar: «Kan hende forskarar er progressive, men kjønnsbalansen i forskinga er skeiv»
LUKK

Leiar: «Kan hende forskarar er progressive, men kjønnsbalansen i forskinga er skeiv»

Av Kjetil A. Brottveit, redaktør for Forskerforum

Publisert 5. april 2019 kl. 15:00

Leiar: Noreg er blant dei mest likestilte landa, men arbeidsmarknaden her er kjønnsdelt.

Kvinner dominerer i offentleg sektor, menn i privat. Kvinner vert framleis sjukepleiarar, og menn vert framleis ingeniørar.

Kan hende forskarar er progressive, men kjønnsbalansen er skeiv i forskinga òg. Det fekk vi stadfesta i den nye utgåva av rapporten She Figures, som EU-kommisjonen gjev ut kvart tredje år. Om lag 40 land, stort sett EU-land, er undersøkte. Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning (Nifu) stod for den norske delen av undersøkinga, og dei presenterte resultata på eit seminar i mars. Seniorrådgjevar Kaja Wendt fortalde at 37 prosent av forskarane i Noreg er kvinner, og med det ligg vi om lag på midten av desse landa. Det er no 58 000 forskarar i Noreg, og det er sterkt kjønnsavhengig kor dei jobbar. Dersom du er kvinne, jobbar du sannsynlegvis ved eit universitet eller ein høgskule, dette gjeld 60 prosent av forskarkvinnene. Dersom du er mann, er det faktisk mest sannsynleg at du held til i næringslivet, noko 48 prosent av forskarmennene gjer. Den tredje kategorien er offentleg sektor elles, med eit lite kvinnefleirtal blant forskarane.

Les også: Forskerforbundets leder: – Vi er ikke likestilte, og vi er nødt til å gripe tak i det

Deler ein forskarmassen opp på eit anna vis, ved å skilje fagområde i staden for sektor, er kjønnsskilnadene òg slåande. Medisin er det nye kvinnefaget: I 2015 hadde kvinneandelen her auka til 59 prosent. Kvinneandelen er lågast i teknologi (24 prosent), men aukar noko. Elles har samfunnsfag og humaniora nokså jamn kjønnsfordeling.

«Saksa» – den legendariske illustrasjonen av kjønnssamansetninga i karrierevegen forsking – gjeld enno. Det er kvinnefleirtal blant masterstudentane, og på eitt eller anna punkt seinare på stigen, kjem mennene i fleirtal. I Noreg var 2014 eit vippepunkt. For fyrste gong var kvinnene i fleirtal blant dei som avla doktorgrad. I 2018 var fordelinga heilt jamn. Publisering er ein nøkkelaktivitet og suksessmål for forskarar, og er difor interessant som målestokk i kjønnssamanheng. Nifu-forskar Dag W. Aksnes presenterte nye tal på det same arrangementet: Kvinner utgjer 43 prosent av dei publiserande forskarane i Noreg, men dei bidreg til berre 34 prosent av publiseringspoenga. Fagområdet medisin utmerkar seg her òg i favør av kvinnene. Halvparten av dei som publiserer forsking ved helseføretaka er kvinner, men dei står for berre 41 prosent av publiseringspoenga.

At kvinner publiserer mindre, gjeld alle aldersgrupper, men dei yngre kvinnene publiserer noko meir. Alt heng saman med alt, og ein grunn til at kvinner publiserer mindre, er at dei fordeler seg ulikt menn på stillingstypar. Nokre stillingar – som professor – står for mykje publisering, og er mannsdominerte. Men sjølv om ein korrigerer for dette, er skilnadene markerte, viste Aksnes, som understreka at dette hemmar karrieren til kvinnene. Det tek lengre tid for kvinner å kvalifisere seg ved dei «kritiske overgangene», som frå doktorkandidat til postdoktor eller frå fyrsteamanuensis til professor. Dette kallast «the leaking pipeline». Kvinner dett i større grad enn menn ut av forskarløpet.

Les også: Som én av tre kvinner i sitt fagmiljø måtte Anne Borg sitte i all verdens komiteer for å fylle kjønnskvoten.

Vil det ikkje vere nok å ta tida til hjelp for å få kjønnsbalanse, sidan kvinneandelen er høgare blant yngre forskarar? Så enkelt er det ikkje, meinte Wendt, som mellom anna viste til at Noreg ikkje har den høgaste kvinneprosenten i vitskaplege toppstillingar blant dei yngste, men blant forskarane som er midt i karrieren. Altså har mannlege forskarar framleis eit overtak i form av å nå toppen raskare enn kvinner. Eit anna poeng er at ein stor del av doktorgradene i Noreg vert tekne av utlendingar, og blant desse er mennene i fleirtal. Dette forseinkar utviklinga mot kjønnsbalanse.

Kvifor ynskjer kvinnene ikkje å halde fram, eller kvifor klarar dei ikkje å kvalifisere seg? Systemet er ikkje kjønnsnøytralt, oppsummerte Aksnes, men vi veit for lite om kva faktorar som spelar sterkast inn. Nifu har fått pengar av Forskingsrådet til prosjektet Balansekunst – kvinners vei mot den akademiske toppen. Kva effektar har til dømes nettverk, mobilitet og roller i forskinga på kjønnsbalansen? Nifu skal òg sjå på korleis politiske tiltak har verka og korleis ordninga med publiseringspoeng har slått inn. Eg hadde tenkt å avslutte med den klassiske «vi treng meir forsking», og denne gongen kan eg gledeleg nok leggje til: Det skal vi no få.

Les også: