Kva for utdanning kan det bli i Nesna? – Vi må tenke nytt, meiner ny styreleiar for regionprosjekt
LUKK

Kva for utdanning kan det bli i Nesna? – Vi må tenke nytt, meiner ny styreleiar for regionprosjekt

Av Johanne Landsverk

Publisert 13. oktober 2020 kl. 22:44

Etter nedlegging av studiestaden Nesna blir det jobba hardt for å finne nye utdanningstilbod på Helgeland.

 – Dette er ikkje ein omkamp, men eit forsøk på å aktivere studiestaden Nesna, seier Jan-Gunnar Winther. Han var i mange år direktør for Norsk Polarinstitutt og er i dag direktør for Senter for Hav og Arktis. Nyleg vart Winther engasjert som styreleiar for prosjektet «Nye tilbud innen høyere utdanning på Helgeland».

Fakta
Nord universitet vart etablert 1. januar 2016 etter at Høgskolen i Nesna vart fusjonert med Universitetet i Nordland og Høgskolen i Nord-Trøndelag.

I juni 2019 vart det vedteke ny studiestadstruktur, som inneber at Nesna blir avvikla som studiestad i 2022.

Etter at Nord universitet vedtok å legge ned Nesna frå 2022, fryktar mange for studietilbodet i Helgelandsregionen. I tillegg vil mange Nord-tilsette truleg måtte flytte, og fleire vil bli oppsagt.

Regionråda i Helgeland har difor gått saman om eit toårig prosjekt der målet er å sikre både utdanningstilbod og fagmiljø på Helgeland.

– Vi ønsker å få til utdanningstilbod som er relevante for regionen. Ikkje minst er det viktig å tenke nytt, seier Winther.

– Reduserer studietilbodet på Helgeland

Arne Langset, som er dagleg leiar i Indre Helgeland regionråd, seier alle dei 18 kommunane i regionen står saman om prosjektet.

– Den endringa Nord har sett seg nøydd til å gjere, reduserer studietilbodet på Helgeland og trekker fagfolk vekk frå regionen. Etter nedleggingsvedtaket ser vi allereie at det er vanskelegare å rekruttere til stillingar i kommunane, seier Langset.

Han seier eitt av måla med prosjektet er å sikre vidareføring av studiestaden Nesna.

– Vi prøver å finne løysingar som kan nyttiggjere seg den gode infrastrukturen som er bygd opp ved Nesna. I tillegg ønskjer vi å kunne behalde ein del av fagpersonane som no står under press og kanskje må selje huset og flytte herifrå, seier han.

VID har oppretta sjukepleieutdanning

VID vitenskapelige høgskole, som er ein privat høgskule, har allereie oppretta sjukepleieutdanning i Sandnessjøen gjennom det regionale samarbeidet.

– Sjukepleieutdanninga erstattar tilbodet som den tidlegare Høgskolen i Nesna hadde i Sandnessjøen. Utdanninga skal vere i gang frå komande studieår, så det har gått veldig fort, seier Langset. Han ser også positivt på at ein vil klare å fylle lokala i Nesna med nye tilbod når Nord universitet trekker seg ut i 2022.   

– Kva for utdanning er det snakk om?

– Det har kome innspel om behov for fag knytt til havbruksnæringa, og vi har også diskutert reiselivsutdanning, begge i samarbeid med UiT Norges arktiske universitet, seier han.

UiT tilbyr i dag bachelorutdanning i desse fagområda.

– Målet på lang sikt er likevel at vi skal få på plass tilbod innanfor lærarutdanningar eller fleirårige profesjonsutdanningar, seier Langset.

Blir ikkje lærarutdanning frå UiT si side

Viserektor Sveinung Eikeland ved UiT sit i styret i det regionale prosjektet.

– Om UiT skal opprette lærarutdanning på Nesna, må regjeringa be oss om det, seier Sveinung Eikeland. Foto: UiT

– Det har vore diskusjonar mellom miljøet i Nesna og UiT om både reiselivsutdanning og havbruksutdanning, stadfestar han.

– Men UiT får ikkje lov å starte lærarutdanning ved Nesna? 

– Nei, det blir ikkje lærarutdanning i Nesna frå UiT si side. Då må regjeringa be oss om det. Vi har ein samarbeidsavtale med Nord universitet der utdanningane blir regulert. Vi skal ikkje konkurrere om same tilbodet.

Eikeland presiserer at UiT likevel har eit særleg ansvar for utdanning i regionen.

– Men vi kan ikkje gå inn og starte utdanning som ikkje er finansiert på ein eller annan måte. Når Nord universitet legg ned på Nesna, forsvinn også dei 100 millionane som har gått til lærarutdanninga der. Og vi kan ikkje trappe ned på lærarutdanning i andre delar av universitetet. Så det er departementet som er nøkkelen i dette, seier han.

– Må sjå på tilbod med nye auge

Styreleiar Winther meiner det er viktig å tenke nytt i den situasjonen regionen har hamna i.

– Vi må sjå kva for tilbod som er mogleg å få til, seier han.

– Det er allereie planar om blant anna havbruks- og reiselivsutdanning?

– Ja, dette er nemnd. Desse faga representerer profilen som allereie finst, og som er ønskt av næringslivet. Men vi ønskjer også å sjå på utdanningstilbodet på Helgeland med nye auge, seier han.

I tillegg til Sveinung Eikeland ved UiT sit Nesna-ordførar Hanne Davidsen i styringsgruppa for prosjektet, der ho representerer Indre Helgeland regionråd. Også Nordland Fylkeskommune, Brønnøysundregistrene og VID vitenskapelige høgskole er med i styringsgruppa.

  • Les også: