«Slikt uforståeleg språk kan vere med på å skremme livet av folk. Er neste steg amputasjon?»
LUKK

«Slikt uforståeleg språk kan vere med på å skremme livet av folk. Er neste steg amputasjon?»

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 23. mai 2022 kl. 13:56

Eg forstår ikkje kneet mitt. Spesielt ikkje den distale delen av femurdiafysen.

Lovnad om innhald: Det er ikkje så kult å berre ha ein «slitt menisk».

Korleis formidle vanskelege ting utan å miste noko vesentleg på vegen? Forskarar lever midt problemstillinga. Den nye språklova har endåtil ein eigen paragraf om klarspråk: «Offentlege organ skal kommunisere på eit klart og korrekt språk som er tilpassa målgruppa.»

Fakta
Fakta
I språkspalta har vi fast hjelp av to terminologar, som uttalar seg berre på vegne av seg sjølve.

Marita Kristiansen er språkforskar ved Universitetet i Bergen og leiar for Språkrådets fagråd for fagspråk og språk i samfunn og høgre utdanning.

Ole Kristian Våge er terminolog ved Nasjonalt senter for helsefagleg terminologi i Direktoratet for e-helse.

Kva ord eller språkspørsmål bør vi ta opp i spalta? Send framlegg til kjetil.brottveit@forskerforum.no.

Men det er eit stykke fram. I fjor tok eg røntgen- og MR-bilete av eit vondt kne. På Helsenorge, ein nettstad for eigne helseopplysningar og kontakt med helsevesenet, kunne eg lese om kva bileta avdekte. Oppsummeringa var nesten sjarmerande kontant: «MR viser et litt slitt kne og en slitt menisk på utsiden av kneet.» Verre var det med resten av teksten:

«Lettgradig hydrops med liten væskeansamlinger langs popliteus samt liten Bakers cyste. Det foreligger lettgradig bruskforandringer i laterale kammer samt overfladiske bruskforandringer bak patella og i mindre grad trochlea femoris. Relativ velbevarte brusk i mediale kammer. Ruptur i degenerert laterale menisk rundt corpus og bakre horn. Lett degenerasjon i mediale menisk uten gjennomgående ruptur. Intakte korsbånd, sideligamenter, quadriceps senen samt patellarsenen.
Det bemerkes sannsynlig sekvele etter osteonecrose i distale del av femurdiafysen samt proximale tibiadiafysen.

Ole Kristian Våge (foto: Moment Studio) og Marita Kristiansen (foto: NHH).
Ole Kristian Våge (foto: Moment Studio) og Marita Kristiansen (foto: NHH).

R: Lettgradig lateral og i mindre grad patellofemoral gonarthrose. Ruptur i degenerert laterale menisk, konferer tekst.»

– Ostenecrose er truleg ikkje så bra. Eg er òg skeptisk til gonarthrose. Men kva skal ein seie?

Kristiansen: Den forståelege delen av det seier ikkje stort meir enn du alt visste, at kneet er slite. Det kunne ha vore meir utfyllande. Eg har sjølv ei anna og betre erfaring med kommunikasjon frå helsevesenet: forståeleg og ikkje så teknisk informasjon.

Våge: Dette er nok ikkje skrive for deg, men for andre fagfolk, dei som skal handtere og behandle kneet vidare. Dette er eit resultat av at pasienten no har tilgang til eigen journal, av omsyn til brukarmedverknad og myndiggjering av pasienten.

– Det er like fullt dette eg møter. Og eg kjenner meg ikkje så myndig av å lese dette.

Kristiansen: Kva godt gjer det å ha brukarmedverknad på dette nivået? Slikt uforståeleg språk kan vere med på å skremme livet av folk. Er neste steg amputasjon? Med andre diagnosar som er mykje meir alvorlege eller livstrugande, kan det å lese noko slikt føre til at du ikkje kjem opp av sofaen.

– Korleis kunne denne journalteksten ha vorte tilpassa lesarar som er lekfolk?

Våge: Alle fagtermar kan ikkje skrivast om til forståelege ord. Skal ein fyrst gå inn i den kliniske materien, kan det gå på presisjonen laus om ein skal skrive om fagtermar. Spørsmålet er om lækjaren skal skrive to tekstar, ein meint for helsepersonell og ein kortversjon for pasienten? Men dette er ressurskrevjande, og det er ikkje sikkert at det er vegen å gå.

Kristiansen: Noko av poenget med ein term er at han refererer til eit innhald som du kan skjøne om du kjenner til det. Fjernar ein denne merkelappen, tek ein òg vekk referansen til det du skal skjøne, og det vert vanskeleg å søkje annan informasjon. Men dette er ein vanskeleg balansegang. Vi treng både terminologi og enklare «folkemunneforklåringar». Som pasient treng du ei forklåring du kan skjøne, og det burde ikkje vere nødvendig å lære seg ord som «ruptur».

Våge: Dette er kommunikasjon i eit digitalt system utan dialog. Ein kan ikkje følgje opp og stille spørsmål. Ein kunne ha sett føre seg å presentere dette som ein formidlingstekst der ein ved å føre musepeikaren over eit ord, kan få ei forklåring. Dette finst det teknologi for i dag.

– Kan forskarar lære noko om fagkommunikasjon av denne teksten?
Våge: Dette er ekstremt tettpakka, og ein fell av før fyrste punktum. I universitets- og høgskulesektoren er ein van med å vende seg til ulike målgrupper – med fagspråk i vitskaplege artiklar og popularisert til dømes i kronikkar. Dette er annleis. På ein og same stad formidlar ein til to målgrupper.

– Ole, du arbeider i Direktoratet for e-helse. Kjem de borti liknande problemstillingar om korleis ein kan skal kommunisere med pasientar der?

Våge: Ja, dette sit vi med kvar dag. Den primære oppgåva vår er å syte for god kommunikasjon mellom helsepersonell, men vi ynskjer òg å leggje til rette for pasientar. Det medisinske fagspråket er svært variert, men nokre fagtermar kan ein omsetje til eit like presist ord frå daglegtalen – til dømes er thorax det same som brystkasse. Vi har ikkje desse løysingane heilt på plass i dag, men ein skal kunne ha kopla dei to orda, slik at «brystkasse» kom opp dersom brukaren var innlogga som pasient.

– Er det motstand blant helsepersonell mot å erstatte thorax med brystkasse?

Våge: Det kan vere det. Dei er vane med å bruke det, og ein skal ikkje kimse av at orda byggjer fagleg identitet og fellesskap. Å få ein term for ein diagnose er òg noko som betyr ein del for pasientane. Det er noko ordentleg, ein er teken på alvor. Då vert sjukdomen eller skaden ikkje berre ei personleg oppleving, men noko som er objektivt synleg i form av ein fagterm.

Kristiansen: Ja, du har iallfall mykje å slå om deg med. Det er ikkje så kult å berre ha ein «slitt menisk».

  • Les også: