«Dette språket er ikkje stort nok for både insentiv og incitament»
LUKK

«Dette språket er ikkje stort nok for både insentiv og incitament»

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 5. april 2022 kl. 14:33

Insentiv til å publisere artiklar. Incitament til å produsere studiepoeng. Slik har språket om forsking og høgare utdanning vorte.

Lovnad om innhald: Incitament er ei blindgate. Lat oss kalle det incitagate.

Insentiv til å publisere artiklar. Incitament til å produsere studiepoeng. Slik har språket om forsking og høgare utdanning vorte. Men kvifor har vi båe orda insentiv og incitament (med sideformene incentiv og insitament)? Ifølgje dei offisielle ordbøkene som er å finne på Ordbøkene.no, kan insentiv tyde mellom anna tildriv, tilskunding (bokmål: beveggrunn, tilskyndelse). Incitament kan tyde tilskunding, egging som i dømet «høgare renter er eit incitament til auka sparing».

Ole Kristian Våge (foto: Moment Studio) og Marita Kristiansen (foto: NHH).
Ole Kristian Våge (foto: Moment Studio) og Marita Kristiansen (foto: NHH).

Kristiansen: Bruken av båe orda i båe former har auka dei siste tiåra – incentiv, insentiv, incitament og insitament. I samansette ord er insentiv/incentiv mest brukt, til dømes «insentivorienterte beløningssystem».

– Kva kan det kome av?

Våge: Kanskje at incitament er så langt og dermed vanskelegare å byggje på.

– Kva opphav har insentiv og incitament?

Våge: Orda har ulike etymologiske opphav, men har møttest og fått ei liknande tyding: å stimulere til handling. Insentiv kjem frå det latinske incinere som kan tyde å spele eller synge. Ord som cantus og chant har same opphav. På 1400-talet kunne ordet tyde «å bevege sinnet» og «vekkje lidenskapen». At musikk kan skape glede og lidenskap, er ei naturleg kopling. Ser vi framover i norsk-danske kjelder, som i Fremmedordboken frå 1853, er ordet forklåra med tilskyndelses- eller tillokkelsesmiddel. Det handlar om å motivere.

Fakta
Fakta
I språkspalta har vi fast hjelp av to terminologar, som uttalar seg berre på vegne av seg sjølve.

Marita Kristiansen er språkforskar ved Universitetet i Bergen og leiar for Språkrådets fagråd for fagspråk og språk i samfunn og høgre utdanning.

Ole Kristian Våge er terminolog ved Nasjonalt senter for helsefagleg terminologi i Direktoratet for e-helse.

Kva ord eller språkspørsmål bør vi ta opp i spalta? Send framlegg til kjetil.brottveit@forskerforum.no.

Incitament kjem òg frå latin. Incitare var opphavleg eit ord for å setje fart, oppmuntre, med substantivforma incitamentum. Ordet har gått vegen gjennom gamalfransk, og på 1400-talet kunne det tyde begeistre, setje i verk. Ifølgje Fremmedordboken frå 1853 er incitament «midler som vekker livskraft, pirremiddel». Arne Garborg skriv i Trætte Mænd om incitamenta «vin, kjærlighed, spil, begeistring».

Insentiv og incitament fekk ei voldsom oppbløming på byrjinga av 1970-talet, då tankegang frå økonomi gjorde seg gjeldande i pedagogikk og psykologi. I Psykologisk ordbok frå 1976 er insentiv omtalt som eit «målobjekt som gir et behov for tilfredsstillelse – mat, penger, premie, symbolsk anerkjennelse…».

Kristiansen: Frå opphavet Ole fortel om med mykje indre motivasjon, som lidenskap og begeistring, har vi dei siste tiåra fått eit skifte: ei sterk kopling til ytre motivasjon. Føresetnaden er at rasjonalitet og eigeninteresse kan forklåre mykje av menneskeleg åtferd og at ein kan påverke handlingane våre gjennom økonomisk beløning.

– Du lovprisar ikkje skiftet til ytre motivasjon?

Kristiansen: Som dugnadsperson finn eg glede i å bidra på best mogleg måte med den kompetansen eg har. Det tuklar litt med motivasjonen min når eg oppdagar at nokon får betalt, eller betalt meir, for å gjere det same.

– Er teljekantane døme på ei slik tukling?

Kristiansen: Til ein viss grad ja. Ved å setje normtal på kor mange publiseringspoeng ein skal produsere per år som forskar, kan det føre til at ein endrar åtferda og ser på kva som løner seg av å skrive artiklar på nivå 1 og nivå 2. Då er det ein fare for å redusere den indre motivasjonen.

Våge: Nokre vert styrde av indre motivasjon, andre av ytre. Det kan uansett vere greitt å ha eit analytisk omgrep for korleis ein vert motivert på ulike måtar.

– Så var det skriveformer, med s eller c. Før samtalen sende Marita eit døme på at stavekontrollen i Word sette raud strek under insentiv med s. Kan feil i retteprogram påverke korleis skrivemåten utviklar seg?

Kristiansen: Etter å ha hatt barn i vidaregåande skule, er det eit kjent fenomen at dei raude strekane i Word er styrande. Det skal meir til å slå opp i ei ordbok. Men no har eg testa på ny, og insentiv vert ikkje retta. Kanskje stavekontrollen har vorte oppdatert?

– I Ordbøkene.no er incentiv/insentiv og incitament/insitament sidestilte former. Kva burde vi velje?

Våge: Det er ei naturleg språkutvikling at c går over til s, som i insentiv. Incitament har ein meir gamaldags dåm der eg tykkjer c passar likså godt.

Kristiansen: Slå opp på insentiv i Naob.no (Det norske akademis ordbok). Då kjem ein til incentiv med c, og insentiv er ført opp som «variant». Det indikerer at den tilrådde skrivemåten er med c. Søkjer ein på insitament, får ein opp beskjeden «se incitament», og må søkje på dette i staden. Liksom dei raude strekane i Word, er dette styring.

– Men Naob er vel suverene med norma dei har?

Kristiansen: Ja, men brukarane veit ikkje nødvendigvis skilnaden mellom dei offisielle ordbøkene og andre ordbøker som denne.

– Eg tolkar det uansett som at de tykkjer insentiv er eit brukbart ord. Men i denne spalta ser vi problem på høgljos dag. Er det ein uting at vi i tillegg har ordet incitament?

Våge: Ja, det er ein grunnpilar i terminologi å unngå synonym. Når ein har to ord i omløp, vil ein fort leite etter nyanseskilnader som ikkje er der. Dette kan vere i blindgate.

– Nettopp! Når eg les «incitament», trur eg dei meiner noko som ligg ei hårsbreidd unna insentiv, ei hårsbreidd eg ikkje forstår.

Kristiansen: Det er endå vanskelegare og meir forvirrande når båe er framandord som ikkje er «gjennomsiktige». Vi har ikkje heilt kontroll over kva dei tyder.

Våge: Appellen er: Bruk insentiv, slutt med incitament!

Les også: