«Vi treng sindig panikk»
LUKK

Leiar:

«Vi treng sindig panikk»

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 7. februar 2020 kl. 14:02

Ikkje minst blant sindige forskarar, støttar eg opp om ein viss grad av klimapanikk, skriv redaktør Kjetil Brottveit.

Den vanlege forskaren kan verke avmektig i møtet med klimaendringane. Til og med klimaforskaren spelar andrefiolin i den offentlege samtalen om temaet. Men båe typane trengst i kampen for berekraft. Høyr no her:

Forskerforbundets forskingspolitiske seminar i november var prega av det. Erna Solberg brukte mykje tid på det i nyttårstalen. NHOs årskonferanse i januar handla om det. Toppmøtet til World Economic-forum i januar hadde det som emne. Og på Kunnskapsdepartementets kontaktkonferanse 14. januar var det hovudtemaet: klimakrisa og behovet for eit grønt skifte.

Her eg bur er det ingen snø til å forme ein rullande, stadig veksande snøball, men eg vonar den metaforiske snøballen har fått fart på seg. Eg lengtar stadig etter eintydige framsteg om reduserte klimautslepp. Eg vil ha internasjonalt forpliktande avtalar som monnar, men FN-toppmøtet om klima i desember gav som vanleg ikkje så konkrete resultat som det burde. I det snaue året som går fram til neste FN-sjanse, får vi starte her, i forsking og høgare utdanning i Noreg.

Høgt oppe i hierarkiet finst den nemnde kontaktkonferansen til Kunnskapsdepartementet, ein arena for å kome med politiske signal til toppane ved universiteta, høgskulane og forskingsinstitutta. Eg er svært vennleg stilt til at Iselin Nybø, den dåverande forskings- og høgare utdanningsministeren frå Venstre, la stor vekt på klimaet. No får etterfylgjaren Henrik Asheim frå Høgre ansvar for å vidareføre arbeidet.

Tiltaket Nybø la fram har vore varsla lenge: Institusjonane er inviterte til å konkurrere om å drive klimavenleg. Dei fem hovudområda er flyreiser, arealutnytting, innkjøp av varer og tenester, energibruk og avfall. Poenget er ifølgje Nybø ikkje å konkurrere, men å inspirere kvarandre. Ok, no vert det endå meir å rapportere om – til kva nytte? Rapporteringssystemet skal no på høyring til dei involverte, for å kunne forbetre det. Verken institusjonane eller klimaet har tid til ressurskrevjande symbolhandlingar.

Korleis lykkast med ei rask dreiing mot berekraftig forsking og høgare utdanning? Den politiske viljen er til stades, og institusjonane vedtek overordna klimamål. Men kunsten er å få nivåa til å spele saman. Den viktigaste aktøren er den vanlege studenten og tilsette, med mange nivå av leiing og politikk over seg. Når «dei som har noko med det» skal lage nye klimastrategiar, er det viktig å ta utgangspunkt i fagkunnskap og engasjement på grunnplanet. Legg til dømes merke til det utbreidde medvitet om å redusere reising med fly. Det går gjerne hand i hand med styrevedtaka, men kan i høgste grad vere indre motivert. Greta Thunbergs etterlysing av «some level of panic» er betimeleg, og er i trygge hender hjå forskarane. Det gjeld òg klimaforskarane, som har ei tung oppgåve i å nå breitt ut med avgjerande kunnskap. Dei fortel roleg og utrøytteleg om at «klimaendringane er no», men vegen fram er lang. For kva har Noreg til felles med USA og Saudi-Arabia? Vi er på toppen blant klimaskeptiske land.

Kva effekt kan dei rette tiltaka ha? Nybø minte om omfanget av UH-sektoren: over 300 000 studentar, 38 000 tilsette og meir enn 3,4 millionar kvadratmeter campus. Berre små endringar i til dømes reise- og innkjøpsvanar kan gje store utslag. Og tenk på all samhandlinga med andre samfunnsområde. Ein kan smitte, eller verte smitta av andre miljøtenkingar og -handlingar.

Medan eg skreiv denne leiaren, fekk eg ein e-post frå Forsvarets forskingsinstitutt. Dei inviterte til FFI-frokost med temaet korleis Forsvaret kan verte meir miljøvenleg: «Kan forsvarssektoren bidra til å kutte klimagassutslipp? Eller bør Forsvaret konsentrere seg om å forsvare landet?

– Ja takk, begge deler! Det sier forskningsleder Øyvind Voie ved FFI.

– Vi tror miljøhensyn og operative hensyn lar seg forene. Forsvaret har allerede flere positive miljøtiltak, men det finnes muligheter for å gjøre mer.»

Kall meg naiv, men eg treng stundom kjensla eg fekk av at no rullar det.

Med ei ny regjering er det sjansar for ei dreiing mot ein meir klimavenleg politikk generelt. Sjølv om Solberg vil regjere vidare på grunnlaget som Frp var ein del av, kan det oppstå nye fleirtal på Stortinget. Til og med Ap er i ferd med å fange opp at den grøne viljen er sterkare i folket enn hjå dei sjølve.

Vi treng sindig panikk. Ha god klimavinter, og velsigna vere den kanskje kommande snøen.

  • Les også: