No vert det eit nytt oppgjer prega av dyrtid og høg rente. Då bitast hestane.
LUKK

Leiar:

No vert det eit nytt oppgjer prega av dyrtid og høg rente. Då bitast hestane.

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 15. mars 2024 kl. 10:17

Det ser ut til at offentleg tilsette fekk ein liten reallønsauke i fjor. Men vegen fram er lang, meiner Unio og Forskerforbundet, skriv redaktør Kjetil Brottveit.

I midten av februar kom førebelse tal frå Teknisk berekningsutval (TBU), som er eit viktig grunnlag før lønsoppgjeret. Jamt over hadde nordmenn ein reallønsnedgang på 0,4 prosent i fjor. Statstilsette kom betre ut enn snittet med 6,4 prosent lønsvekst, medan lønsauken generelt var på 5,5 prosent. Endeleg ein seier for dei offentleg tilsette, som dominerer Unio? Nei, «en svale gjør ingen sommer», skreiv Unio på heimesidene.

Bakteppet er om lag dette: Dei siste åra har vore prega av reallønsnedgang. No vert det eit nytt oppgjer prega av dyrtid og høg rente. Då bitast hestane.

Unio, hovudorganisasjonen til Forskerforbundet, var tidlegare alliert med LO og YS i lønsforhandlingane. Akademikerne, den fjerde hovudorganisasjonen, heldt på med sitt og hadde eigen tariffavtale med staten. I åra med Solberg-regjering var det Akademikerne som passa best med lønspolitikken til staten. Båe partar ville ha lokal fordeling av lønstillegga. Unio var i ein mellomposisjon. Dei var på det største laget, saman med LO og YS, men var ikkje nøgde med utteljinga.

Med ny regjering av Arbeiderpartiet og Senterpartiet, kom ei anna line i arbeidsgivarpolitikken. Resepten var sentrale tillegg og relativt mest til dei lågtlønte. Unio var framleis i ein mellomposisjon, men no var det LO og YS som best fann saman med den statlege arbeidsgivaren. Unio, med Forskerforbundet-leiar Guro Elisabeth Lind i spissen, var framleis lite nøgde med gjennomslaget. I 2022 bytte Unio ut samarbeidspartnarane LO og YS med Akademikerne. Unio meinte dei slik kunne lykkast betre, og ved lønsoppgjeret i fjor var skilnaden mellom dei to tariffavtalane tydeleg. I LO og YS-avtalen var hovudprinsippet sentral lønsdanning med eit flatt kronetillegg på 31 000 kroner. Det vil seie at dei lågtlønte relativt fekk mest. «Vi kan ikke kalle det noe annet enn en utdanningsfiendtlig profil. Det betyr en solid lavere lønnsøkning for alle med høyere utdanning», sa Lind nyleg til Forskerforum.no om denne avtalen. I Unio og Akademikerne-avtalen vart løna forhandla lokalt med tillegg i form av prosent, det vil seie at dei som tente mest frå før, fekk mest. Vel å merke var individuelle tillegg, som Akademikerne er kjende for å krevje, lite i bruk.

Det er ein ny tilstand for offentleg tilsette at kva fagforeining du tilhøyrer kan ha mykje å seie for kva løn du får. Dei langsiktige effektane er uvisse, men ein kan slå fast at det kjem nye lønsskilnader mellom tilsette i same stilling både på same arbeidsplass, og samanlikna med andre arbeidsplassar. Karianne Tung, digitaliserings- og forvaltingsminister (Ap), er den øvste ansvarlege for staten som arbeidsgjevar. Ho ynskjer denne utviklinga til livs og vil ha éin felles tariffavtale i staten. I og med at desse avtalane er toårige, er oppgjeret i år den siste sjansen i denne stortingsperioden. LO deler ynsket, medan Unio har problem med å sjå korleis det kan løne seg for dei.

Sett frå Forskerforbundet er problemet – som er frustrerande stabilt – dette: Dei vitskapleg tilsette i staten (treng vi nemne at dei har høg utdanning?) har over tid tapt i høve til andre langtidsutdanna utanfor staten. Dei har òg tapt mot andre statstilsette med stuttare utdanning. Unio kan ikkje skilte med dei lågaste lønene blant medlemmene, men har ei uslåeleg rettferdiggjering av eigne lønskrav i dette: Det er dei som byggjer, vedlikeheld og utviklar velferdsstaten: sjukepleiarar, lærarar, forskarar og politi. I ei tid der den eine utgreiinga etter den andre slår fast at Noreg må utdanne fleire berarar av velferdsstaten i møte med kommande eldrebylgje, er dette god ammunisjon for Unio, og i minst like stor grad for Forskerforbundet: Kven skal forsyne landet med kompetansen vi treng om ikkje dei som står for høgare utdanning?

I år startar oppgjeret i privat sektor, og dermed forhandlingssesongen, 15. mars. LO kjem etter alt å døme til å krevje reallønsvekst og utjamning gjennom størst mogelege generelle kronetillegg fordelte sentralt. Unio og Akademikerne vil prioritere utdanningsgruppene. Ja, det skal halde hardt å få til éin samla tariffavtale, Karianne Tung.

Det er nesten slik at Stein Lier-Hansen, med det rike hyttelivet sitt på Hardangervidda, kom som ein reddande engel før lønsoppgjeret. Her har arbeidstakarane iallfall noko å einast om: eit godt fiendebilete.

  • Les også: