Det er den boka vi ber på
LUKK

Det er den boka vi ber på

Av redaktør Kjetil Brottveit

Publisert 2. januar 2023 kl. 13:28

Forskerforum vil løfte fram fagbøkene som rettar seg mot eit breiare publikum. Men motstandslause er vi ikkje.

– Jeg har en drøm om å skrive noe helt fritt og fabulerende. Ett av bokprosjektene jeg har i hodet, skal være en fagbok, en frittstående fagbok uten en eneste fotnote eller referanse. Jeg vil slippe fri fra referansenes tvangstrøye.

Det sa Dag O. Hessen til Forskerforum for eit par år sidan. Biologen som har skrive ca tretti bøker, har bokdraumen klar.

Hjå oss skal musikkvitaren kunne lese forståelege meldingar av forståelege bøker om geologi.

No veit eg at du er ein av dei som les leiarane i Forskerforum, iallfall fram til det vert for kjedeleg. Men les du bokmeldingane? Ikkje veit eg, men no skal eg fortelje kva som ligg bak dei og kva vi vil med dei.

Løns- og arbeidsvilkår for medlemene i Forskerforbundet er kjernen i interessefeltet for Forskerforum. Bokmeldingar ligg eit stykkje unna, og kvifor bruker vi likevel ressursar og spalteplass på dei?

For det fyrste er formidling av forskingsbasert kunnskap ei viktig oppgåve for forskarar. Vi er neste tannhjul i maskineriet. Her er boka, seier vi, og her er den kvalifiserte vurderinga til meldaren vår! For det andre har vi eit publikum som er over gjennomsnittet interesserte i å lære ved å lese sakprosa. For det tredje ser vi på bokkritikken som eit samfunnsoppdrag. Mange redaksjonar har dei siste åra spart inn på dette feltet, men eg vil lynsnart nemne nokre viktige unntak, som òg har eit overlappande interessefelt til vårt: Klassekampen, Morgenbladet og Prosa.

Liksom Forskerforum treng bøkene, treng bøkene oss.

Nokre bøker får meldinga i Forskerforum som den einaste, og vi tek mål av oss til å vere ein viktig deloffentlegheit på feltet. Denne tankegangen ser ut til å ha nådd fram hjå Fritt Ord. Dei siste åra har stiftinga gitt oss støtte til å auke talet på bokmeldingar, og i år har kritikarane våre vurdert i alt 40 bøker.

Forskarar skriv mange slags bøker, med og utan poeng i teljekantsystemet. Dei skriv avanserte og smale bøker som vender seg mot forskarar i same fagfelt, bøker som fyrst og fremst er meint for studentar og bøker for dei allmenne lesarane. I Forskerforum er vi interesserte i den sistnemnde kategorien. Hovudtyngda av bøkene vi vel for melding er retta mot eit oppvakt og intellektuelt, men ikkje fagspesifikt publikum. Kjemikarane har kjemitidsskrift der kjemikarar kan melde kjemibøker. Vi er ein publikasjon på tvers av faggrenser, og hjå oss skal musikkvitaren kunne lese forståelege meldingar av forståelege bøker om geologi.

Utgivarane av bøker i nisjen vår er ein rik flora på 20–30 forlag. Oslo-dominansen er ikkje total. Blant desse forlaga er Museumsforlaget i Trondheim, Orkana forlag i Stamsund i Lofoten og Skald i Sogndal. Til saman gjev dei ut fleire bøker enn vi rekk over, og her er nokre uvitskaplege funn om utgivingane i sjangeren vår. Det er fleire mannlege enn kvinnelege forfattarar. Historisk-filosofiske og samfunnsvitskaplege fag er overrepresenterte, medan dei naturvitskaplege bøkene er færre. Det kjem ut fleire klimabøker enn vi kan halde tritt med, og eg vedgår at det kan vere vanskeleg å velje og velje vekk.

Sidan vi altså er ein publikasjon på tvers av fag, må kritikarane våre generalistar. Dei skal presentere bøkene, vurdere dei – med best mogeleg argumentasjon – og konkludere. Dei har ettertenksamt valt ut dei beste bøkene dei har meldt i året som gjekk. Emna varierer frå Syria og Kina til maktkampar i mellomalderen og kulturhistoria om svevn. Kronologisk spenner dei frå førhistorisk tid til dagens krig i Ukraina.

Kva meining finn forskarane i å skrive for eit publikum utanfor fagfeltet? Høyr på det Anne Sverdrup-Thygeson, som har nådd breitt ut med bøker om insekt, sa til oss i 2020: – Den første boka mi vart omsett til 22 språk, men det gjev null utteljing i systemet. Men eg får oftare den umiddelbare kjensla av å gjere noko nyttig når eg er ute og snakkar for folk, eller får høyre at boka mi har endra folks syn på naturen litt, enn når eg skriv ein fluffy prosjektsøknad.

Med det seier eg godt nytt år. Skriv den der drøymeboka!

Les også: