Tidsriktig. Einsidig.
LUKK

Tidsriktig. Einsidig.

Av Oddgeir Osland

Publisert 29. november 2019 kl. 10:50

Boka om dei regionale universiteta er informativ, men eg saknar motstemmene.

Dette er ei bok til rett tid: Boka handlar om den regionale universitets- og høgskolesektoren som vart forma av distriktsopprør og -politikk i 1960- og -70-åra, og der etableringa av Universitetet i Tromsø og distriktshøgskulane var viktige tyngdepunkt. Boka kjem i kjølvatnet av eit kommune- og fylkestingsval som òg var eit aldri så lite distriktspolitisk jordskjelv, og samtidig med debatten om ein skal føre Nesna vidare som studiestad, som har vorte ei viktig symbolsak i kampen for desentralisert høgare utdanning.

Jon Paschen Knudsen og Torunn Lauvdal (red.)

Geografi, kunnskap, vitenskap
Den regionale UH-sektorens framvekst og betydning

Cappelen Damm Akademisk, 2019

267 sider

Utgitt med open tilgang

Ho er tidsriktig, men også informativ. Ei bok som startar med bidrag frå slike nestorar som Per Olaf Aamodt og Ivar Bleiklie, kunne knapt få ein betre introduksjon til utdanningspolitiske reformer og organisasjonsendringar i høgare utdanning dei siste 50‒60 åra, og til dei vedvarande spenningane mellom skiftande kvalitets- og relevansvurderingar vi finn igjen i eit kapittel om strukturreforma 2015‒16.

Resten av antologien rommar artiklar som gjev djupare innsikt i kva verknadskraft regionale UH-institusjonar kan ha, frå Peter Årbos artikkel om ti potensielt gunstige effektar av universitetsetablering à la Universitetet i Tromsø til Linda Helén Hauklands skildring av maktforskuvingane mellom universiteta og høgskulane i Nordland og Nord-Noreg, med Nesna som analytisk tyngdepunkt. Mellom desse to nordlege ytterpunkta finn vi fire bidrag om rolla universiteta har som regionale endringsagentar og samprodusentar med regionalt nærings- og samfunnsliv. Bidraga er ei påminning om at universiteta er langt meir enn utdanningsinstitusjonar for arbeidskraft til regionen, dei representerer kunnskapsformer som har verknadskraft i føretak og i dagleglivets normer og samværsformer. Alle desse bidraga har Agder som studieobjekt og forfattaradresse, fleire av desse bidraga er interessante, sjølv om empirien ofte er tynnare enn dei teoretiske resonnementa.

I avslutningskapitlet tek Jon P. Knudsen opp tråden frå føreordet han skreiv saman med medredaktør Torunn Lauvdal, og gjev ein god historisk fundert argumentasjon for at styresmaktene har abdisert som strategiske regionalpolitiske aktørar i vår tid.

Det er altså ei mangfaldig bok om kva den regionale rolla til høgare utdanningsinstitusjonar har vore, kva ho kan vere og til dels også kva ho er. Men merkverdig nok også ei einsidig bok. Det har samanheng med kva som er dei dominerande perspektiva i boka, og kva perspektiv som er fråverande. Dei perspektiva eg saknar, er det eg noko omtrentleg vil kalle det faglege / fagleg-pedagogiske og det samfunnsøkonomiske perspektivet, perspektiv som ofte har ein sentral plass i utgreiingar i høgare utdanning.

I eit fagleg og fagleg-pedagogisk perspektiv er spørsmålet korleis vi organiserer utdanning og forsking slik at vi får best moglege (regionaltilpassa) utdanningar. Då spør vi slike spørsmål som: Kor god er undervisinga, kor godt tilbod får studentane, kor blir dei av, og kva gjer dei, og kva får institusjonane ut av forskings- og formidlingsansvaret? Litt enkelt sagt: Gjeve at vi ønskjer å uteksaminere 5000 lærarar årleg og gje desse eit best mogleg tilbod og få dei sysselsette der dei trengst, korleis skal vi då dimensjonere tilbodet, lokalisere og organisere utdanninga og forskinga? I eit slikt perspektiv kan vi vere usamde eller usikre på kva vi skal legge i «robuste fagmiljø» eller «effektar for arbeidslivet», men vi er samde om at dette er meiningsfulle kategoriar.

Boka kjem i kjølvatnet av eit kommune- og fylkestingsval som òg var eit aldri så lite distriktspolitisk jordskjelv.

I eit samfunnsøkonomisk perspektiv er det sentralt å vurdere slike effektar i form av kor mange uteksaminerte, velkvalifiserte lærarar vi får i forhold til ressursinnsatsen. Denne typen økonomisk analyse skil seg frå den type regionaløkonomiske analysar som er opptekne av det bidraget høgare utdanning gjev til regional produksjon og sysselsetting, men som er mindre opptekne av kostnadssida. Og eit slikt breiare samfunnsøkonomisk perspektiv kunne vore kombinert med det institusjonsøkonomiske og reist spørsmålet om i kva grad desse gir samsvarande prioriteringar – teoretisk og reelt.

I den grad slike faglege og samfunnsøkonomiske perspektiv er til stades i denne boka, er dei oftast reduserte til eintydige styringsperspektiv (som dei jo også er), medan dei historiske, statsvitskaplege og regionaløkonomiske perspektiva blir gjevne ein privilegert posisjon som analytiske bidrag. Men dermed klarer ikkje boka fange reelle tverrfaglege kontroversar som rett nok pregar, men også viser utover konfliktlina mellom sentrum og periferi i høgare utdanning. Det er ikkje så langt frå Oslo til Agder. Og kanskje er det, i denne tverrfaglege kontroversen, endå kortare avstand mellom Oslo og Tromsø. Men det er truleg eit godt stykke til Nesna – både symbolsk og reelt.

  • Les også: