For å tenkja og skriva må eg ha tid til å kvila kroppen og hovudet
LUKK

For å tenkja og skriva må eg ha tid til å kvila kroppen og hovudet

Av Helga Eggebø, forskar 1 ved Nordlandsforskning

Publisert 18. januar 2024 kl. 09:12

«Eg har ikkje tid til å stressa». Gjesteskribent Helga Eggebø slår eit slag for sofaen.

Det er rutinen som er mi sterkaste side. Eg skriv litt kvar dag. Å venta på inspirasjon fungerer ikkje for meg. Timesvis med flyt og skriveglede er ei altfor sjeldan gåve.

Men så ei veke i juli, før eg tok ferie, fekk eg den sjeldne gåva det er å ha tre og ein halv inspirerte, produktive, glade, herlege, ivrige dagar med skriveflyt. Det er lenge sidan eg har hatt det så kjekt! Eg la meg tidleg kvar kveld og sov mykje. Kvitvin på terrassen i midnattssola gå heim og vogg! Min sommardraum er skriveglede i skuggen ein føremiddag på terrassen.

Kva skjedde, kva var bakgrunnen for denne skriverusen? Spurde skrivepartnaren min, Elisabeth, då me logga oss på eit fellesmøte same veke. Det var eit godt spørsmål med eit langt og mangslunge svar:

Teksten eg hadde skrive på, var eit spennande bokprosjekt eg hadde takka ja til fordi magekjensla sa «ja, det har eg lyst til»! Tekstane skulle vera personlege, reflekterande, opne og med eit friare, meir kreativt og forteljande format enn det som er vanleg i akademia. Skriveseminaret eg deltok på tidlegare på sommaren, hadde vore inspirerande. Eg hadde vorte så glad av å lesa og diskutera tekstutkasta til dei andre. Det var så bra!

Dessutan hadde Elisabeth og eg skrive på tekstutkasta i lag og samtala om tekstane våre frå første stund. Dette skapte rom for inspirasjon og entusiasme.

Under eit av dei første felles skriveseminara kom eg til å tenkja på at eg i fjor, i samband med eit kreativt skrivekurs, faktisk hadde skrive ein tekst som kunne passa som case i teksten. Eg hadde skrive den teksten heilt utan ein plan om publisering, berre fordi det var der det brann. No trong eg berre redigera litt her og der, og så passa teksten perfekt som opning på kapittelet. Skildringa «sat i magen», som redaktørane formulerte det.

Eg må leggja til at i sommar var livet litt lettare enn det hadde vore på lenge. Skilsmissetrøbbel hadde soge alle kreftene ut av kroppen i lang tid, og no hadde det roa seg.

Ikkje minst hadde eg øvd opp skrivekondisjonen igjen etter å ha vore i svært dårleg form eit års tid. For å trena meg opp igjen hadde taktikken vore å leggja lista lågt nok: 30 minutt skriving kvar dag.

Denne våren har eg også øvd på å kvila. Eg har øvd på å bryta med den protestantiske arbeidsmoralens bod om å gjera jobben først og kvila etterpå. Sjølv om eg synest det er veldig ubehageleg, har eg lagt meg på sofaen når eg har vore sliten og trøytt, ikkje når alt var gjort. For kva er «alt»?

Eg konstaterer at kvile verkar, sjølv om det fyller meg med sterkt ubehag. Derfor var eg rett og slett ikkje utsliten, men utkvilt, i juli før ferien.

Skriverusen dukka opp ei veke då ungane var hjå faren og kalenderen var blank og kvit. Det plar fylla meg med uro over korleis eg skal halda ut «uendeleg» med skrivetid. Men denne gongen gledde eg meg til å få sitja i ro og fred på eit julistille kontor.

God forsking, men for så vidt også mindre genial forsking, krev tid til å tenkja ordentleg. For å tenkja og skriva må eg ha tid til å kvila kroppen og hovudet. Eg vil ha tid til å ha omsyn for meg sjølv og andre. Kvile og pause står ikkje i motsetnad til å skriva. Det kan gå fort å skriva når eg har tilgang til kvile, engasjement, støtte og meining. Eg har ikkje tid til å stressa.

  • Les meir frå Helga Eggebø: