«I koronakrisa trengst gode, gamaldagse fagforeiningsverdiar»
LUKK

«I koronakrisa trengst gode, gamaldagse fagforeiningsverdiar»

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 13. mai 2020 kl. 12:35

Tida for å juble for den ekstra innsatsen er forbi. Det er ei tid for å passe på at rettane til arbeidsfolk ikkje vert neglisjerte eller sett på som for lite viktige i ei krise, skriv redaktør Kjetil A. Brottveit.

Aller viktigast er det som går på jobbtryggleiken laus.

Kunnskapssektoren har ikkje gått fri for permitteringar i koronatida. Samfunnsøkonomien i permitteringar er ofte svak. Fellesskapet må betale for livsopphald til dei det gjeld, og det er mykje viktig arbeid som ikkje vert gjort. Liksom arbeidstakarar har strekt seg for å få det å gå rundt i koronatida, må arbeidsgjevarar strekke seg for å ta samfunnsansvar.

Tilsette i staten kan rett og slett ikkje verte permitterte. I privat sektor, kommune, museum og helsesektoren kan arbeidsgjevarar ha rett til å permittere dersom dei har sakleg grunn – bortfall av inntekter eller oppgåver. Eit ynske frå verksemda om å spare pengar er ikkje gyldig grunn.

Les også: Over 400 ansatte ved museer permitterte

Norce er eit svært forskingsinstitutt med over tusen tilsette. Instituttet er blant dei som har permittert tilsette, opphavleg fekk 85 personar varsel. Seinare trekte Norce tilbake 13 av permisjonsvarsla etter at Forskerforbundet hadde engasjert seg i saka. Ifølgje Klassekampen skulle forskarar med små porteføljar verte permitterte, medan dei som hadde store og godt betalte oppdrag fekk halde fram. Den umiskjennelege smaken av å tøye eller bryte regelverket er ikkje god, men prisverdig nok retta arbeidsgjevar opp i feilen og orsaka den.

Museumssektoren er òg ridd av omfattande permitteringar. Store institusjonar som Stiftinga Norsk Folkemuseum, Kode kunstmuseer og komponisthjem og Norsk Teknisk Museum er blant dei med flest tilfelle. Og krybba ved Teknisk Museum er ikkje botnskrapa. Forskerforum har fortalt at museet har ein opparbeidd fri eigenkapital på 24,6 millionar kroner. Saka har mange nyansar, og ein kan forstå at leiinga må handtere det store inntektsbortfallet på grunn av stenging på ein eller annan måte. Men fagforeiningane har tungtvegande innvendingar mot nokre av permitteringane. Rannei Solbak, tillitsvald i Forskerforbundet, presiserte til Forskerforum at arbeidsgjevar må kunne vise til bortfall av arbeidsoppgåver. Fagforeininga meiner dette ikkje er tilfellet for alle dei permitterte. Folk som ikkje skulle arbeide publikumsretta i tida framover kan ikkje verte permitterte med argumentet om at publikum er borte.

Teknisk Museum fekk i fjor 65 millionar kroner i støtte frå det offentlege og private stiftingar. «De sender en dobbel regning til skattebetalerne våre, for vi er offentlig finansiert, og nå må staten betale for oss igjen», sa Safina De Klerk til Forskerforum.no. Ho er leiar for Talentsenter i realfag ved museet, eit prosjekt med øyremerkte midlar frå Kunnskapsdepartementet og Sparebankstiftelsen DNB. Stillinga hennar er finansiert av desse eksterne midla. Rett før Forskerforum gjekk i trykken, fekk vi via Forskerforbundet kjennskap til at nokre av permitteringane ved Teknisk Museum gledeleg nok var trekte tilbake på grunn av den eksterne finansieringa.

Les også: Penger til studieplasser og stipendiatstillinger i revidert statsbudsjett

Til slutt: Den uvanlege våren der ute manglar òg lønsoppgjer. Forhandlingane om løn og avtaleverk er utsette til hausten med ein førebels ukjend helsemessig og økonomisk situasjon i landet. Det einaste sikre er at tariffoppgjeret vil ha eit ekstraordinært preg.

Les også: