Kven bestemmer over språket i akademia, og kven skal få oss til å bruke dei rette termane?
LUKK

Språk:

Kven bestemmer over språket i akademia, og kven skal få oss til å bruke dei rette termane?

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 20. desember 2022 kl. 09:13

Emne, modul eller kurs: Er ikkje det same ulla? Er språket i akademia ute av kurs?

Førre språkspalte handla om ordet kappe – den delen av ei artikkelbasert doktoravhandling som omgjev artiklane og lagar ein heilskap av dei. Språkekspertane skrytte av at eit så enkelt og norsk ord så fort fekk fullt gjennomslag i akademia. No heiter det kappe. 

Ole Våge kunne ikkje delta denne gongen, men ifølgje Marita Kristiansen er ikkje ei slik rask og brei innføring av ei nemning sjølvsagt. Ho har funne tre døme på inkonsekvensar i språket som omgjev studia og forskinga om lag som – orsak uttrykket – ei kappe. 

MARITA KRISTIANSEN er fyrsteamanuensis i terminologi og fagspråk ved Universitetet i Bergen og leiar for Språkrådets fagråd for fagspråk og språk i samfunn og høgre utdanning.
Marita Kristiansen er fyrsteamanuensis i terminologi og fagspråk ved Universitetet i Bergen og leiar for Språkrådets fagråd for fagspråk og språk i samfunn og høgre utdanning. Foto: NHH

Under lurer spørsmålet: Kven bestemmer over språket i akademia, og kven skal få oss til å bruke dei rette termane? Ein instans her er Universitets- og høgskulerådet (UHR), som har bygd opp ein base over studieadministrative termar. Der kan ein slå opp kva ord som gjeld eller burde gjelde, og kva dei tyder. 

Det fyrste dømet til Kristiansen er ordet «emne», som i denne termbasen er definert slik: «minste studiepoenggivende enhet som kan inngå i et studieprogram». 

– Etter kvalitetsreforma vart ein god del fag «modulisert», og den tilrådde termen for dei nye einingane vart emne, seier Kristiansen. 

– Tilrådd av kven? 

– Kunnskapsdepartementet, som er eigar av offentleg høgare utdanning. KD bestemmer over sine område, naturleg nok. Likevel er termane modul og kurs i bruk både formelt og uformelt. Vi høyrer om kursskildringar sjølv om det heiter emneskildringar.  

Orsak NTNU, de er ikkje aleine, men her må de ta støyten som døme. På heimesidene står det om «Metodekurset: HIKU8861 – Metodeemne i historie og kulturfag». Vidare: «Alle emna blir ikkje undervist kvart år då det avheng av antall kandidatar og undervisningsressursar. Kva kurs som vil tilbys blir normalt offentleggjort ved semesterstart.» 

– Ei salig blanding? 

– Ja, men eg må innrømme at det for meg òg er meir naturleg å seie kurs. Eg må skjerpe meg for å hente fram emne-termen. 

– Men du bøyer deg? 

– Ja. Det er eit poeng å bruke det korrekte for å unngå forvirring, seier Kristiansen, som trur språklege inkonsekvensar blant dei tilsette kan forplante seg til studentane. 

Det neste dømet til Kristiansen er overgangen frå omgrepet «læringsmål» til «læringsutbyte» om kva eit emne (no skreiv eg nesten kurs) eller ein grad skal innehalde. Ordbruken vart endra med Kunnskapsdepartementets kvalifikasjonsrammeverk frå 2009, som er tilpassa eit europeisk rammeverk, fortel ho. 

– No heiter det læringsutbyte, men eg høyrer framleis mange snakke om læringsmål.  

– Og dette er ikkje berre eit anna ord. Tankegangen eller innhaldet er endra? 

– Ja. Før sette ein læringsmål for eit emne eller studium ved oppstart. No er det på eit vis meir fokus på studenten. Kva kunnskapar og ferdigheiter skal studenten ha med seg når eit emne er fullført? Men slike skifte i tankegang og terminologi kan gå sakte. 

– Du er språkvitar og over snittet interessert i terminologi. Korleis kan ein få resten med på laget? 

– Eg er meir oppteken av språklege merkelappar enn dei fleste, og det tykkjer eg er heilt greitt. Men alle som driv med undervising, bør kunne det rette språket om det. Institusjonane må vere meir medvitne om terminologien og gjere dei tilsette merksame på kva som gjeld. Dersom ein ikkje sit i råd og utval, får ein kanskje ikkje med seg endringar som «læringsutbyte» i staden for «læringsmål». 

Det siste dømet til Kristiansen gjeld namnet på eit heilt fag: samfunnsøkonomi eller sosialøkonomi? 

– Då eg begynte på NHH (Noregs Handelshøgskole), vart eg obs på at der – og på BI – heitte det samfunnsøkonomi, medan ein andre stader hadde sosialøkonomi. Med interessa mi for terminologi hadde eg behov for å finne skilnaden, men det viste seg at orda var synonyme. Det låg nok snarare sosiologiske enn faglege grunnar bak namnevala: kven og kva ein assosierte seg med. 

I år 2000 gjekk Universitetet i Oslo (UiO), Universitetet i Bergen og NTNU over til å kalle faget samfunnsøkonomi. Kristiansen har funne ein artikkel frå Uniforum der Vidar Christiansen, som då var instituttstyrar ved Økonomisk institutt ved UiO, forklårar omlegginga: «(…) vi tror at ordet ‘sosial’ gir misvisende assosiasjoner hos mange. (…) Sosialøkonomi og sosialøkonomer forbindes ikke med Norges Bank eller Finansdepartementet, men med Sosialdepartementet. Eller kanskje endog med sosialkontor, sosialhjelp, sosialkurator og sosionom. Assosiasjonene er med andre ord ikke helt gode.» 

Skiftet fortel òg noko om tilhøvet mellom det nasjonale og det lokale planet, som her var fleksibelt og ikkje diktatorisk. Det nasjonale fagrådet i sosialøkonomi tilrådde namnebytet, den enkelte institusjonen avgjorde sjølv. 

– Men vi strevar framleis med halvvegs innførte termar som emne og læringsutbyte? 

– Vi har mangla eit system for å passe på bruken av termane. Termbasen til UHR har no vorte ein del av termportalen ved Universitetet i Bergen. Eg håpar at termportalen kan få ein slik funksjon på fleire område. Målet er at ein ved å arbeide i nasjonale termgrupper på tvers av dei ulike institusjonane på dei ulike fagområda i akademia kan kome fram til kva termar ein vil bruke for å namngje dei ulike omgrepa i faga. 

  • Legg til: