Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

Museet sa opp fast tilsette. Så leigde dei inn mellombels tilsette.

Utgravingane i Bjørvika nærmar seg slutten. Det har ført til oppseiingar og utrygge arbeidsvilkår for tilsette ved Norsk Maritimt Museum.

Frå utgravinga av «Bispevika 16», eitt av tre skipsfunn som no blir gravne ut i Bjørvika. Skipet er datert til siste halvdel av 1500-talet. Foto: Norsk Maritimt Museum

Tre skipsvrak vart i vår avdekte i den gamle hamna i Bjørvika i Oslo. Arkeologar ved Norsk Maritimt Museum er i full gang med vidare undersøkingar og dokumentasjon. Museet, som er ein del av Stiftinga Norsk Folkemuseum, har eit lovpålagt forvaltningsansvar for maritime kulturminne i dei ti sørlegaste fylka (sjå faktaboks). Blant anna har museet ansvar for skipsfunn på land og under vatn.

Store utbyggingar i Bjørvika-området dei siste femten åra har ført til ei utviding av staben ved arkeologisk seksjon ved Maritimt Museum, som ved utgangen av 2017 hadde 19 fast tilsette. Men våren 2018 vart det kutta fem årsverk i seksjonen: to vart oppsagde, to vart omplasserte og éin gjekk av med pensjon.

– Vi er bekymra for situasjonen for dei tilsette ved arkeologisk seksjon. Dårleg økonomi i seksjonen skapar svært vanskelege arbeidsvilkår, seier Linda Moe, leiar i lokallaget til Forskerforbundet ved Norsk Folkemuseum.

– Nedbemanninga i seksjonen har allereie bidrege til ei nedbygging av fagmiljøet, og har dessutan ein negativ effekt på arbeidsmiljøet i alle delar av Stiftinga Norsk Folkemuseum, seier Moe.

Det er utbyggaren som betaler for utgravingane, og når oppdragsmengda varierer, blir økonomien sårbar. Mange arkeologar i Noreg må arbeide som mellombels tilsette i det eine prosjektet etter det andre. Julian Martinsen er tidlegare leiar i MAARK, som er ei fagpolitisk foreining i Forskerforbundet for mellombels tilsette arkeologar. Han synest det trist at arkeologane ved Maritimt Museum vart sagde opp.

– Men det er bra at museet tilset arkeologar fast framfor at dei berre er der som mellombels tilsette, seier Martinsen. Han meiner prinsipielt at musea bør tilby fast tilsetting, og heller seie opp folk om det er nødvendig.

– Uforsvarleg å behalde stillingane

Det pågåande utgravingsprosjektet i Bispevika kom i etterkant av oppseiingane, og museet har no teke i bruk mellombels tilsette i arbeidet med utgravingane.

Tori Falck er leiar i seksjon for arkeologi:

– I prosjektet vi har no, bruker vi mange fast tilsette arkeologar. Men vi har måtta tilsetje nokre mellombels for å gjennomføre sjølve feltarbeidet. Dei som er sagde opp, vart så klart informerte om fortrinnsretten sin til nye mellombelse stillingar, seier Falck.

Museumsdirektør Olav Aaraas seier museet såg seg nøydd til å nedbemanne i arkeologisk seksjon i fjor.

– Årsaka til dette var sterkt minkande oppdragsmengd i Bjørvika, og det var korkje arbeidsoppgåver eller lønnsmidlar til å halde staben i arbeid. Vi har visst lenge at utbyggingsaktiviteten ville bli mindre, og i 2018 vart dette veldig tydeleg. Trass i oppseiing av to arkeologar og omplassering av andre gjekk drifta med betydeleg underskott. Situasjonen er mellombels betra i 2019 på grunn av den nye utbygginga, men i åra framover vil utbyggingane i strandsona bli avslutta, seier Aaraas.

– Det verkar rart å seie opp folk og deretter leige inn mellombels tilsette?

– I ein situasjon der vi visste at arbeida i Bjørvika gjekk mot slutten, ville det vere uforsvarleg å behalde stillingar det ikkje er dekning for. I ein kortvarig periode vil det difor vere forsvarleg og rett å nytte seg av innleigd arbeidskraft i tillegg til våre eigne tilsette, seier han.

– Treng større grunnfinansiering

Tori Falck er redd for kva som vil skje med fagkompetansen ved museet.

– Utbyggingane i Bjørvika gjorde at har vi bygd opp ein spesialkompetanse innan marinarkeologi som er heilt unik i norsk samanheng. Det vi fryktar, er at vi ikkje skal kunne behalde det sterke fagmiljøet på grunn av dårleg økonomi og nedbemanningar. Difor treng vi større grunnfinansiering, meiner ho.

Aaraas seier Maritimt Museum i mange år har vore underfinansiert og har hatt dårleg økonomi.

– Det er viktig å sikre at museet er i stand til å løyse dei faglege forvaltningsoppgåvene, ikkje minst knytt til den store mengda funn frå undersøkingane i Bjørvika, seier han.

Stiftinga Norsk Folkemuseum har no søkt om seks millionar til arkeologisk seksjon i samband med statsbudsjettet i 2020.

Les også:

NTL har blitt hacket

Advokat Magnus Stray Vyrje under behandlingen i Høyesterett i 2024 av fuskesaken fra Høgskolen i Innlandet. Nå advarer han mot at nye regler gjør at denne typen saker ikke vil bli prøvd i rettssystemet. Foto: Gorm Kallestad / NTB.

– Struper studentenes rett til advokatbistand

Styreleder Arne Krumsvik og rektor Bård Mæland overrekker universitetssøknaden til NOKUT-direktør Kristin Vinje og avdelingsdirektør for høyere utdanning Hege Brodahl.

VID har søkt om universitetsstatus

Enighet i lønnsoppgjøret for museer og private høyskoler

Norce har kuttet opp mot 80 årsverk, lyser ut nye stillinger

Arkivar og tillitsvalgt ved Nasjonalarkivet, Espen Andersen, med fotball utenfor arkivet

Fotballforsker og arkivar: – Det kommer til å gå utover søvnen de neste ukene, det er helt sikkert

Sofie Danneskiold-Samsøe mener kritisk forskning på æreskultur og vold er et tabu. Foto: Julia Loge

– Universitetene er konforme

Studenter kjøper nesten ikke lærebøker

Lukk meny