Tilsette på NTNU føler dei held hjula i gang til tross for personlig risiko og store strukturelle utfordringar
LUKK

Tilsette på NTNU føler dei held hjula i gang til tross for personlig risiko og store strukturelle utfordringar

Av Kristian Kobbenes Starheim, avgått forskar ved NTNU

Publisert 24. mars 2022 kl. 11:48

Prorektor Tor Grande ved NTNU kallar «faste midlertidige» ein meiningslaus beskrivelse. Dette viser at han ikkje forstår situasjonen, meiner Kristian Kobbenes Starheim.

Prorektor ved NTNU Tor Grande kjem i Forskerforum med ei rekke utsegner som viser at alt er som før ved NTNU. 

Han kallar «faste midlertidige» ein meiningslaus beskrivelse. Dette viser at han ikkje forstår situasjonen. Argumentasjonen hans viser vidare at han kanskje heller ikkje har vilje til å undersøke kvar frustrasjonen kjem ifrå. 

Les mer: Prorektor ved NTNU mener begrepet «faste midlertidige» er misvisende: – En meningsløs beskrivelse

Grande må ta varsla frå fagmiljøa på alvor. Meldingane har kome i mange år frå tilsette som føler dei held hjula på NTNU i gang til tross for personlig risiko og store strukturelle utfordringar. 

I dei biomedisinske faga er det ikkje realistisk at instituttet og dei større fagmiljøa skal ta ansvar for finansiering på den måten Grande skisserer. Det er lite finansiering, søknadsrundane er svært avhengig av enkeltforskarar, og tilslaga er svært usikre. Hverken stillingane eller finansieringa er tilpassa arbeidssituasjonen i biomedisinsk forsking. Grande sine beskrivingar manglar kontakt med røynda.

Føresetnadane for god forsking og utdanning varierer veldig mellom fagdisiplinar. Det er to svært ulike ting å drive forskning innan Grande sitt fagfelt Kjemi, og mitt fagfelt som er eksperimentell biomedisin. Det er stor ulikskap også innan den medisinske forskinga også, der klinisk og eksperimentell forsking har svært ulike dynamikkar. 

Ein kan ikkje presse ein modell ned over alle fagfelt. Ein kan ikkje forvente at andre fagfelt har like utfordringar og arbeidssituasjon som fagfelta ein kjenner godt. 

NTNU må analysere kva føresetnader dei ulike disiplinane treng for å gjennomføre forsking og utdanning på høgt nivå. Kor lange er prosjekta, kva tilsette trengs, kor mange personar på kvart prosjekt? Dette vil vere ei kunnskapsbasert tilnærming som vil føre til bedre forvalting av økonomiske og menneskelige ressursar, samt bedre forsking og utdanning. 

Først når vi ser ei kunnskapsbasert tilnærming til eiga verksemd kan NTNU igjen bli rekna som ein seriøs kunnskapsinstitusjon. 

Les mer: