– I strid med det eg står for som statsarkivar, seier Yngve Nedrebø.

Arkivverket vurderer no å ta betalt av brukarane for fleire tenester. Det stadfestar fagdirektør Øyvind Ødegaard i Arkivverket overfor Forskerforum. Betalingsløysinga er ikkje avgjort på leiarnivå, men spørsmålet er til utgreiing. Nyleg vart det innført sjølvbetjening for førespurnader frå slektsgranskarar og eigedomsmeklarar.

– At Arkivverket no innfører større grad av sjølvbetjening, er berre første steget. Det neste er venteleg innføring av betalingstenester. Universiteta og forskarane har jo ikkje råd til å betale, så dei einaste som kan betale, er advokatane, seier Ynge Nedrebø, som er  statsarkivar i Bergen.

– Eg måler fanden på veggen, men vi må vere bevisste på kva som skjer med betalingstenester i Arkivverket, seier Yngve Nedrebø. Foto: Johanne Landsverk
– Eg målar fanden på veggen, men vi må vere bevisste på kva som skjer med betalingstenester i Arkivverket, seier Yngve Nedrebø. Foto: Johanne Landsverk

Etter omorganiseringa av Arkivverket har historikarar og forskarar vore redde for at brukarane vil få mindre rettleiing, og at både forskarar og studentar vil måtte betale for å få hjelp til å finne fram i arkiva. Nyleg vart det innført sjølvbetjening for førespurnader frå slektsgranskarar og eigedomsmeklarar.

Les også: Organisasjonane er blitt einige med Riksarkivaren om ny organisasjonsstruktur.

– Eg har jobba mykje med rettleiing innan privat eigedomsrett, så eg må nok snart rekne med å setje på taksameteret om eg skal hjelpe ein advokat. Dette er i strid med det eg står for som statsarkivar. Offentleglova seier klart at gjenbruk av offentleg informasjon er gratis, og det gjeld i heile Europa, seier Nedrebø.

– Starten på nedbygginga

Historieprofessor Frode Ulvund ved Universitetet i Bergen er redd innføringa av sjølvbetjening på nett berre er starten på ei nedbygging av tenestene.

– I første omgang gjeld det «uviktige» brukarar som slektsgranskarar, men eg fryktar dette etter kvart også vil gjelde historikarar og andre brukarar. Dette er antakeleg ei uunngåeleg utvikling slik Arkivverket no riggar seg, der arkiv- og historiekompetanse blir konsekvent bygd ned til fordel for IT- og økonomikompetanse, seier Ulvund. Han trur ikkje Arkivverket på lengre sikt vil bli i stand til å rettleie slik dei har gjort fram til no.

Les også: Arkivene er forbindelsen til det som har vært. Hvem skal bestemme hva som er arkivverdig?

Frode Ulvund, professor i historie, Universitetet i Bergen
Frode Ulvund, professor i historie, Universitetet i Bergen

– Det er flott at mykje materiale blir tilgjengeleg digitalt. Men det blir fort perler for svin så lenge brukarane ikkje blir rettleia i bruken av arkivmaterialet og ikkje får hjelp til å finne relevante kjelder og innføring i konteksten kjeldene står i.

Også Nedrebø er redd for at omorganiseringa i Arkivverket skal føre til at kompetansen vil forsvinne.

– For at arkiva skal fungere, må det vere kompetente folk der som har god kjennskap til arkivet. Også forskarane treng hjelp til å stille dei rette spørsmåla, og den største styrken har vore at vi som arkivarar kan gje råd om kva for materiale som kan vere relevant. Om ein masterstudent må leite i blinde, og kanskje betale for å få hjelp, vil han også betale for meir enn han har bruk for.

Les også: Arkivene endrer karakter, men ikke innhold 

Nedrebø meiner mykje sjølvbetjening vil føre til feiltolkingar og misforståingar av arkivmateriale.

– Å sleppe folk på sjølvstyr, er ganske farleg. Fordi dei ikkje forstår ord og uttrykk, vil mykje bli tolka feil.

– Same hjelp til forskarar

Øyvind Ødegaard, som er fagdirektør for forsking i Arkivverket, seier ambisjonen er likebehandling, men også effektiv behandling av brukarar.

– Særleg når det gjeld effektivitet, peikar sjølvbetjening seg ut. Det skal bli betre søkeverktøy på Arkivportalen, og det blir lettare å orientere seg på nett om arkiva som ein må kome til lesesalen for å bruke, seier han.

Før omorganiseringa hadde Arkivverket ti tenestestader, og Ødegaard meiner dette resulterte i at publikum ikkje har vorte behandla likt.

– Nokre tenestestader har ein gitt mykje betre service enn andre. Vi ønskjer å minimere den tidkrevjande ein-til ein-rettleiinga, som var dominerande for 20-30 år sidan.

Men han seier det førebels ikkje er planar om å justere ned servicen til forskarar og studentar.

– Majoriteten av kjeldematerialet dei spør etter ligg i magasina og ikkje på nett. Grunntilbodet er at dei kan bruke materialet på lesesalen i arkivet, så dette er uendra. Om du sit med eit spørsmål som krev tre-fire timars jobb, må du kome til lesesalen og gjer jobben sjølv, eller du kan få kjøpe eksperthjelp mot betaling.

– Mange er bekymra for å innføre betalingstenester?

– Det er ingen grunn til panikk. Vi har alltid hatt betalingsløysing når det gjeld avskrifter og kopiering. Det vi no vurderer, er å ta betalt for arkivundersøkingar. Om ein forskar eller eit forskingsmiljø ønskjer at vi skal forske for dei, så planlegg vi å ta betalt for dette. Nokon vil nok meine at vi tidlegare har gjort dette gratis.

Les også: Forskningsarkiv i fare 

Ødegaard seier betalingsløysinga ikkje er avgjort på leiarnivå, men spørsmålet er til utgreiing.

Skeptiske historikarar

I Den norske historiske forening (HIFO), har dei også vore skeptiske til innføring av sjølvbetjening og betalingstenester.

– Vi er fortsatt bekymra for at omorganiseringa i Arkivverket skal påverke forskarkvardagen. Det er viktig at arkivmateriale ikkje berre blir digitalt tilgjengelig, men at forskarar og studentar får kompetent rettleiing og lett kan finne fram til for eksempel eldre arkivmateriale, seier Marthe Hommerstad, leiar i HIFO.

Ho har forståing for at Arkivverket må ta betalt for større oppdrag som er karakterisert som forsking.

– Men vi meiner Arkivverket har same plikt overfor publikum som Nasjonalbiblioteket, der ein ikkje betaler for tenestene.

Les også: 

– Lite greie på forsking