– Alle kan ikkje vere framifrå
LUKK

Forskingskvalitet

– Alle kan ikkje vere framifrå

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 1. januar 2019 kl. 19:23

I Europa er «eksellens» i forsking blitt noko alle må strekke seg mot. Det kan gå ut over andre delar av forskingssystemet, konkluderer eit nederlandsk institutt.

Språkbruken omkring framifrå forsking, eller «excellence» på internasjonalt, har gjennomsyra heile forskingssystemet, sjølv om satsingar på framifrå forsking utgjer ein relativt liten del av dei totale forskingsmidlane, heiter det i ein rapport frå det nederlandske Rathenau-instituttet. Instituttet forskar på forsking, og er tilknytt det nederlandske vitskapsakademiet.

I rapporten blir effekten av 30 år med satsing på framifrå forsking i Nederland gjennomgått og samanlikna med tilsvarande satsingar i andre land. Satsinga har gitt nokre miljø anerkjenning, ressursar og fridom til å gjere som dei vil, slik intensjonen var. Men konkurranse for konkurransens del, og eit snevert syn på kva som er god kvalitet, gjer at ein no bør tenkje igjennom satsingane på nytt, konkluderer instituttet, som har intervjua forskarar både med og utan pengar frå «excellence»-satsingar.

Må søke uansett

– Fleire av dei som ikkje har slike midlar, fortel at dei blir oppmoda om å søke sjølv om dei kan produsere god forsking utan, fordi berre det å vise at ein er med i konkurransen, blir oppfatta som eit kvalitetsstempel. Så «eksellens» er blitt ei norm alle innordnar seg, men det er ei sjølvmotseiing at alle skal vere framifrå, seier Wout Scholten, ein av forskarane bak rapporten, til Forskerforum.

«Eksellens» finst ikkje ein gong i norske ordbøker, men «Excellence»-omgrepet spreidde seg til Europa frå USA og har etter kvart gjennomsyra heile forskingssystemet. Det var i utgangspunktet uttrykk for ein ambisjon om å overvinne eigne avgrensingar og strekke seg mot å bli betre, men er meir og meir blitt knytt til geopolitisk og økonomisk konkurranse: Vegen til marknadsdominans går gjennom å vere meir eksellent enn dei andre. I norsk debatt finn ein spor av begge tydingar.

– Det ligg i «excellence»-tanken at ein nødvendigvis må organisere konkurransearenaer for å identifisere kven desse beste forskarane er. Og då kjem dei kvantitative måla inn, som kan spreie seg til å bli altoppslukande. Konkurransen blir stadig hardare, og sjansen for gjennomslag går ned, seier Scholten.

Press, men også fridom

I ei undersøking som Akademiet for yngre forskere (AYF) gjennomførte i haust, kom det fram at over halvparten av dei om lag 1200 spurde meinte at forskingskvantitet i praksis tel meir enn forskingskvalitet.

– Det er heilt klart ei utfordring at kvantitet kan bli forveksla med kvalitet i vurderinga av «eksellens». Difor har vi spelt inn i fleire samanhengar at forskingskvalitet må blir vurdert som ein heilskap. DORA-prinsippa, som Forskingsrådet no har slutta seg til, kan vere eit verktøy i dette arbeidet, seier leiar Katerini Storeng i AYF.

DORA-erklæringa om forskingsevaluering tilrår at forskingskvalitet blir vurdert med eit breitt spekter av kriterium, og at ein ikkje legg vekt på kva tidsskrift forskinga er publisert i.

Borstad, Siri (t.v.) og Langfeldt, Liv Foto: Erik Norrud

Korleis samverkar sentra for framifrå forsking med anna forsking, med studentar og samfunnet elles? spør Siri Borlaug (t.v.) og Liv Langfeldt. Foto: Erik Norrud

– Retorikk er smittsamt, så eg vil tru at om ein undersøker, vil ein finne at omgrep som «excellence» blir meir brukt. Om nokon startar, brukar andre det for å vise at ein er med, seier Liv Langfeldt, leiar for Centre for Research Quality and Policy Impact Studies (R-QUEST) ved NIFU.

– Har ein fått eit stipend frå Det europeiske forskingsrådet, passar ein på å synleggjere det. Slike midlar er viktige for karriereutviklinga, og gjev prestisje til institusjonen. Men samstundes er dette «lange pengar» som gjev forskaren sjansen til å bygge ei gruppe og utvikle forskinga på sitt felt, så eg trur neppe det er noko ein søker på berre for å søke. Noko av grunnen til at slike stipend er attraktive, er nok at dei ikkje er tematisk styrte. Det er akkurat den typen midlar forskarar ønskjer seg fordi dei då kan forfølgje eigne forskingsinteresser.

Snever kvalitetsforståing

Når det framifrå blir norma, blir det vanskeleg å finne andre ord til å skildre forskingsaktivitetar, peikar Scholten på.

– For det er ikkje slik at alt som ikkje er framifrå, er middelmåtig. Men kva er det då? Dessutan ser vi at «eksellens» som oftast er assosiert med nokre få faktorar, som gjennombrot, grunnforsking og publisering i dei mest prestisjefylte tidsskrifta. Det er ikkje knytt til slikt som samfunnsnytte, replikasjonsstudiar, tverrfaglege tilnærmingar eller forsking utanfor den faglege «hovudstraumen», sjølv om alt dette også kan gjerast på framifrå vis. Og dette er også viktige oppgåver for universiteta, men dei har lett for å hamne i bakgrunnen.

Langfeldt og NIFU-kollegaen Siri Brorstad Borlaug var begge med på å evaluere ordninga med Senter for framifrå forsking (SFF) i 2010, den så langt einaste evalueringa av verkemiddelet som er utført.

– Den gongen var eitt av spørsmåla om ordninga førte til at forskingsfokuset gjekk ut over andre typar aktivitetar. Nokre SFF brukte midlar frå ordninga til å kjøpe forskarar fri frå undervising. Forskinga ved senteret var dermed ikkje overført til studentane. Desse sentera trekte på eit vis stigen opp etter seg. Det problemet vart teke tak i, men vi veit ikkje veldig mykje om kva for følgjer ordninga har fått, no mange år etter, seier Borlaug.

Vil evaluere SFF-ordninga

I det siste har debatten om SFF-ordninga først og fremst handla om korleis ein kan ta vare på kompetansen som er oppbygd i SFF-ane når den tidsavgrensa finansieringa tek slutt. Forskingsrådet vurderer å lyse ut ei ny evaluering som skal sjå på kva effekt ordninga har hatt på den vitskaplege kvaliteten og på forskingssystemet.

I den norske langtidsplanen for forsking var satsing på verdsleiande fagmiljø ei av dei prioriteringane som fekk størst auke i løyvingane i den første planperioden. Då den reviderte langtidsplanen vart lagd fram i samband med statsbudsjettet for 2019, fekk regjeringa kritikk for at denne satsinga var flytta vekk frå dei langsiktige prioriteringane og over i dei overordna målsettingane, saman med samfunnsutfordringar og styrking av konkurransekrafta til dei norske fagmiljøa. Prorektorane ved universiteta i både Oslo og Bergen frykta ei nedprioritering av framifrå forsking. Det står att å sjå kva dei konkrete følgjene blir.

Borlaug trur uansett ikkje senterordningane vil bli endra.

– Mange er samde om at SFF-ordninga har vore ein suksess, og senterordninga er blitt utvida til andre område som utdanning og innovasjon. No rullar dei vidare av seg sjølve. Spørsmålet er heller om ein skal supplere med andre typar av verkemiddel, eller med meir individuelle finansieringsordningar, som stipenda frå Det europeiske forskingsrådet og Fripro-ordninga.

  • Les også: